Ein ny studie utført av Møreforsking viser likevel at tre av fire av dei spurde ser føre seg at dei også om tre år bur i Møre og Romsdal, anten i same bedrifta eller i ein annan jobb i regionen.

– Det mest overraskande er at det er liten skilnad på dei som kjem utanfrå og dei frå Møre og Romsdal, seier seniorforskar Finn Ove Båtevik, ein av dei som står bak undersøkinga.

Følg smp.no på Facebook

– Bør tenkje breiare

Forskarane har sett på kva som får folk inn i maritime og marine bedrifter og kva som held dei der. Siste åra har mange tenkt at det er viktig å rekruttere folk med lokal/regional tilknyting.

– Men også dei med regional tilknyting seier dei gjerne vil jobbe utanlands seinare. Då bør ein tenkje breiare enn ein del bedrifter gjer. Ofte tenkjer dei at folk som kjem utanfor ikkje blir verande her, seier Båtevik.

Med nokre få unntak seier bedriftene at utfordringa er å rekruttere folk til bedrifta. Det er mindre utfordring å halde på folka når dei først er komne.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no

Regn ein faktor

Friluftsliv, kultur på arbeidsplassen og tilrettelegging for ulike livssituasjonar verkar for å vere bra for å halde på arbeidskrafta. Oppleving av å vere ein del av eit større kompetansemiljø er også viktig. Det same er løn, men det overskyggar ikkje andre ting.

Klima er også eit tema: – Folk med lokal tilknyting er mindre opptekne av regnet enn dei som kjem utanfrå, smiler Båtevik.

Undersøkinga er gjort i samarbeid med 81 høgkompetansebedrifter i Møre og Romsdal. Djupneintervju er gjort med 17 tilsette under 35 år, alle med bachelor-, master- eller doktorgrad. Ingeniørar, IT-folk, økonomar og folk med andre typar utdanningar er representert.

<strong>Kompetanse:</strong> Verftsmiljøa i Møre og Romsdal treng høg kompetanse. Konkurransen om fagfolka er stor, og rekruttering av arbeidskraft med rett kompetanse er sett på som ei utfordring for fleire bedrifter innan maritim og marin næring. Illustrasjonsfoto: Knut Arne Aarset