3. januar i år nådde ikkje Stranda hamnevesen fram med kravet om at Hurtigruten ASA skulle betale passasjeravgift for 2012 og 2013. I dommen fra Sunnmøre tingrett kom det også fram at Hurtigruten i tillegg slepp å betale anløpsavgift for 2012 og 2013.

Lang strid

Usemja mellom hamnevesen og reiarlag kom for dagen hausten 2011 då Stranda Hamnevesen vedtok å krevje same hamneavgift frå Hurtigruten som frå cruiseskipa.

Det nye frå 2012 var at hurtigruten skulle betale avgift for alle passasjerar som er om bord i hurtigrutene. Tidlegare har dei berre betalt for dei passasjerane som har gått i land, medan cruiseskipa heile tida har betalt for alle passasjerane.

Tilrår anke

I eit telefonmøte mandag ettermiddag bestemte Stranda Hamnevesen KF at dei tilrår kommunestyret i Stranda å anke saken til lagmannsretten.

– Vi tilrår kommunestyret å anke dommen. Dette da vi meiner det er brukt feil lovtolkning og juss, seier Rita Berstad Maraak som er hamnesjef i Stranda Hamnevesen til Smp.no.

Tingretten sa i dommen at retten ikkje fann det sannsynleggjort at Stranda Hamnevesen hadde særskilte kostnadar til passasjerbekvemmeligheter for Hurtigruten sine passasjerar, korkje for dei som går i land eller dei som forblir i skipa.

I tingretten vart hamnevesenet dømt til å betale Hurtigruten 726.750 kroner i erstatning, samt å dekke Hurtigruten sine sakskostnader på 939.363 kroner.

Brukar dommen

- Før ankefristen har gått ut, brukar Hurtigruten ASA dommen mot Stranda hamnevesen som grunngiving for å nekte å betale avgift og vederlag i andre norske hamner, skriv avisa Sunnmøringen i ettermiddag.

– Vi veit at Hurtigruten har sendt eit brev til fleire av våre medlemshamner langs kysten. Der går dei, på bakgrunn av dommen som fall for snart 14 dagar sidan og som ikkje er rettskraftig, kraftig til angrep på hamnene, seier direktør Arnt-Einar Litsheim i Norsk Havneforening til Sunnmøringen.

Ifølgje avisa har foreininga hatt god dialog med Stranda hamnevesen etter at dommen fall i tingretten.

Litsheim i Norsk Havneforening meiner dommen reiser prinsipielle spørsmål som har betydning for heile hamne-Norge.

Sunnmøringen har fått tak i eit brev driftssjef Svein Sollid sendte til Bodø Hamn KF 15. januar, kor Hurtigruten vil la vere å betale anløpsavgift og krev tilbakebetalt slik avgift for 2011 til 2013.

Hurtigruten vil ikkje opplyse til Sunnmøringen kor mange av dei 34 aktuelle hamnene som har fått brev hittil, men meiner dommen er sentral i nasjonal samanheng.

– Strandadommen, som kom etter at Stranda kommune saksøkte Hurtigruten, er prinsipielt viktig for eit komplekst regelverk, seier kommunikasjonsrådgivar Stein Lillebo i Hurtigruten til Sunnmøringen.