Skipsdesign. Som ung fiskar hadde han neppe sett forseg utviklinga innan offshorenæringa på Sunnmøre. Onsdag kveld var SigmundBorgundvåg heidra for sin del av dette eventyret.– Det er kjekt og overraskande, seier «faren» til den populære UT-designen.

I 40 år har Sigmund Borgundvåg (75) arbeidd medoffshorefarty etter at oljealderen tok til for alvor i Nordsjøen på 1970-talet.Etter det er det blitt nærare 800 farty i UT-familien.

Følgsmp.no på Facebook

Gjevt selskap

Onsdag kveld vart han heidra på Offshore SupportJournal (OSJ), som er ein årleg konferanse i London for offshoreindustrien. Om lag 450gjestar var med då designaren frå Rolls-Royce fekk si utmerking.

Hanfølgjer i gode spor. Per Sævik og Idar Ulstein har fått same utmerkingatidlegare.

– Eghar alltid vore oppteken av å skape noko. Eg laga både leiker og modellbåtar,og røynsler frå sjøen fekk eg både som fiskar og mannskap om bord i slepebåt,seier Sigmund Borgundvåg.

Ettereit år ved Nordfjord ungdomsskule på Vereide tok han teknisk utdanning iStavanger og fekk seg fast jobb ved Bergen Mek. Verksted etter avtjentverneplikt. I 1964 kom han til verftet Ulstein Mekaniske Verksted, og fekkstraks ei sentral rolle i design av båtar.

Trefte godt

Hanvart knytt til designselskapet Ulstein Trading, derav namnet UT. Den førsteheitte UT704 og var 65 meter lang. Dagens moderne UT777 er til samanlikning 170meter lang og proppa av topp moderne utstyr.

–Kvifor vart den første UT-modellen så populær?

– Dei første offshorefartya i Nordsjøen var amerikanske og laga forheilt andre tilhøve enn det vi har utanfor kysten vår. Eg tok med meg røynslenefrå fiske- og slepebåtar og laga høgare fribord. Båten skulle gå godt i sjøen,fungere godt for mannskapet, og vere trygg. Reiarane var meir nøgde enn deihadde forventa. Eg trur vi trefte godt, seier Borgundvåg.

Sidanskulle det bli lange seriar og nye modellar. Den franske kystvakta oppdagaeigenskapane til UT-designen og han vart mykje omtala og kjent.

Lesflere næringslivsnyheter på smp.no

God komfort

Trass ulike modellar og vidareutvikling har det vore eit mål for Borgundvåg atein skal kunne kjenne att UT-designen. Det er blitt eit varemerke.Konstruksjonen er den same, men for kvar ny båt legg ein vekt på sjøeigenskaparog god effekt av maskineriet.

– Korleis har designen utvikla seg?

– Det er blitt meir plass og meir komplisert på innsida. Mannskapet skalhan gode tilhøve, slik at dei kan vere opplagt til den jobben dei skal gjere.

– Ulstein Tading var først ute. Seinare er det blitt mange aktørar innandesign. Kva meiner du om det?

– Eghar ikkje sterke meiningar om ulike design. Det er forståeleg at ein vil lagenoko ein kan marknadsføre som sitt. UT-design legg vekt på enkle løysingar somer lett å halde ved like. Eg trur vi er blitt ein modell for andre.

– Eventyrleg

– Korleis ser du påden utviklinga som har vore på det maritime området på Sunnmøre?

– Det har vore eventyrleg. Det er kjekt å sjå alle reiarar som har bygdseg opp til solide verksemder. Det har gitt ringverknader til heile industrien.Aldri har det vore så gode produkt. Gjennom jobben min er eg blitt kjent medmange flotte folk, reiarar og mannskap som har gitt innspel på nye løysingar.

– Du er nesten som sjølvlært å rekne. Du har ikkje sakna høgareutdanning?

– Eg trur det har vore ein styrke ikkje berre å gjere slik ein professorhar tenkt ut. Eg ville gjere nye ting. Det er blitt ein modell for heile detmaritime klusteret, meiner Sigmund Borgundvåg.