Dåpen skjedde i strålande sol og med mange inviterte gjestar.

Det nye skipet til Olympic Shipping i Fosnavåg kapra ein treårig kontrakt berre veker før ferdigstilling, for det trøndereigde reiarlaget Boa Offshore.

Følg smp.no på Facebook

Skipet skal ut i jobb ved Perdido-feltet i Mexicogulfen som er eit av dei djupaste felta i verda. Det er spesielt tilpassa slike oppdrag med ei 250-tonns kran og to kraftige ROV-ar.

Skipet vert under langtidskontrakta operert av det amerikanske dotterselskapet Boa Marine Services, og reiarlaget har opsjon til å behalde skipet i fleire år etterpå.

Skipet er eit MT 6022 MK II-design frå Marin Teknikk i Herøy, og er 115 meter langt, 22 breitt og har lugarplass til 110 personar.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Strålande ver under dåpen ved Kleven verft laurdag. Frå venste. Olympic-sjef Stig Remøy, kaptein Geir Angelsen, gudmor Iren Bjerkan, chief Anders Lunde og Kleven-sjef Ståle Rasmussen. Foto: Kleven Maritime