Målet for Midsundkonferansen er å mobilisere fiskarar til å delta i den aktuelle fiskeridebatten, og det lukkast dei med

– Eg trudde vi hadde lagt lista for høgt, men dag er eg glad for at vi satsa. Spesielt gledeleg er det å sjå så mange unge, sa fiskebåtreiar Torfinn Gangstad, som er ein av initiativtakarane i til konferansen.

Gangstad, og hans reiarkollega Arnt Inge Nygård, er også sentrale i det som må kallas eit grasrotopprør mot Havforskingsinstituttet. Fiskarane og forskarane er usamde om kor mykje sild det er i Norskehavet.

– Vi har lenge vore klar over at mykje av silda overvintrar i Norskehavet, men det har ikkje leiinga i Havforskingsinstittuttet høyrt på, sa Gangstad.

Større og større avstand

Ein viktig premissleverandør for opprøret er havforskar Jens Christian Holst. Han hoppa av frå Havforskingsinstituttet, og er no sjølvstendig og uavhengig forskar.

– Det har berre blitt større og større avstand mellom fiskeriforvaltninga og fiskarane på havet. Og no er avstanden for stor, sa Holst, som var den som fekk desidert mest applaus på Midsundkonferansen.

Han kom med sterk kritikk av Havforskingsinstituttet sine konklusjonar etter gytetoktet i vår, der det også vart gjort undersøkingar vest i havet med ringnotbåten «Vendla», etter at fiskarane sjølve sponsa toktet, gjennom «pelagisk dugnad».

– Forskarane meinte det var 59.000 tonn nvg-sild i området. Men fiskarane meinte der var 1,6 millionar tonn, sa Holst.

Vil utvide den pelagiske dugnaden

Han forklarte spriket mellom anna med at båten som vart brukt til forsking gjekk med så høg fart at den skremde vekk fisken då undersøkingane vart utførte med ekkolodd.

– Verdens mest sofistikerte modellar kan ikkje kompensere for dårlege data, sa Holst, som foreslår at den norske pelagiske dugnaden vert utvida til også å omfatte pelagiske fiskarar rundt Nordsjøbassenget.

Havforskar Knut Korsbrekke og tidlegare forskingsdirektør Ole Arve Misund, sistnemnde på heimebane, forsvarte det rådande forskingsregimet.

– Når rekrutteringa av nvg-silda svingar så mykje som den gjer må vi vere forsiktige med uttaket. Men no ser vi ein ny sterk 2013-årsklasse, og den vil gi glede i mange år framover, seier Ole Arve Misund.

Havforskar Knut Korsbrekke (t.v.) og tidlegare forskings-direktør Ole Arve Misund. Foto: Svein Aam.