Direktøren for motorfabrikken Nogva er veteran i fiskerimesse-samanheng.

– Vi har vore på alle fiskerimesser sidan 1954, fortel Norvoll.Det betyr travle dagar nesten ei heil august-veke i Trondheim.

– Vi er veldig godt nøgde med den generelle situasjonen, og når det gjeld sjølve messa så har den så langt vore eit eventyr.

– Sit pengane laust?

– Fiskeri har alltid vore viktig for oss, men no er havbruk i ferd med å bli det viktigaste segmentet. Og her ser behovet nesten ut til å vere umetteleg.

Les fleire saker frå fiskerimessa Nor-Fishing.

Scana

Også for Scana Propulsion, som har hovudkontor i Volda, handlar det om det som driv båtane framover. På standen er salssjef Arnfinn Brautaset i dialog med nokre fiskebåtreiarar frå Shetland. I kulissane sit salssjefen for service, Are Mork, og ventar på fleire kundar.

– Messa har aldri før vore så stor. Alle er her, no når offshore ligg nede, seier Are Mork.

Torsdag vart det kjent at Scana skal levere gir og propellanlegget til ein båt som John Fredriksen sitt nye brønnbåtselskap bygger hos Kleven.

Sølvtrans

– Vi har det luftig og fint, og slepp dessutan all støyen inne i hallen, seier Robin Halsebakk, som er forretningsutviklar i Sølvtrans.

– Korleis har det gått?

– Det er fullt køyr heile tida.

– Kva synest du om forslaget om å ha fiskerimesse også i Ålesund?

– Det kunne eg absolutt tenkje meg, og eg trur heilt sikkert at vi skal klare å få det til også, seier Robin Halsebakk.

Skipsteknisk

Salssjef Inge Bertil Straume i Skipsteknisk er mellom dei med lang fartstid på fiskerimesse i Trondheim.

– Eg har omtrent ikkje kome meg vekk frå standen, seier Straume.

Men han har rukke å delta som foredragshaldar, på eit av dei mange seminara under messa. Temaet var «fremtidens fiskebåtteknologi». Både på dette og på fleire andre seminar var det spesielt stor interesse for utnytting av restråstoffet – det som i gamle dagar vart kalla avskjer, og hamna på sjøen.

– Eg snakka med ein reiar som driv pollock-fiske i USA. Han sa at han tente meir pengar på å produsere mjøl og olje om bord, enn han tener på sjølve fisken. Også mange i Norge satsar på mjølfabrikkar om bord, og her er det mange spennande mulegheiter, seier Inge Bertil Straume.

Sunnmørsposten på leiarplass: «Må styrke fiskeribyen Ålesund»

Ordførarar

Sjå og bli sett. Det er ein viktig del av ei fiskerimesse.

– Det er tydeleg at det er her det skjer. Så her må vi vere, seier ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund.

Ålesund har klart det dei elles ikkje har klart, nemleg å slå seg saman med naboane Giske, Sula, Skodje og Haram. Det skjer under paraplyen «Region Ålesund». Denne standen er ein del av fellesstanden til Møre og Romsdal, som var i finalen under kåringa av «beste stand.»

– Har ordførarar noko på ei fiskerimesse å gjere?

– Dette handlar mykje om nettverksbygging, og om å skaffe seg kunnskap om kva som røyrer seg, slik at vi kan vere gode tilretteleggjarar, seier Eva Vinje Aurdal.

– Kva er inntrykket?

– Det mest spennande er å høyre om framtida, og her er det ingen mangel på optimistar, seier ordførar Vebjørn Krogsæter i Haram.