Sunnmørsposten på makrellfiske. Les meir: Fangst på første forsøk

Ein stor del av ringnotflåten, og mange kystbåtar, fiskar for tida makrell i Norskehavet om lag 170 nautiske mil nordvest av Ålesund. Måndag vart den beste dagen så langt i år, med 10.157 tonn innmeldt til Norges Sildesalgslag.

– Det er stor og fin makrell, seier skipper Andreas Volle på «Fiskeskjer».

Strand-båten er på veg til feltet etter å ha levert ein last på knappe 300 tonn på Ellingsøya.

Prisane har vore gode – rundt 14 kroner kiloet.

– Prisane er bra, og fisket er godt. Så det er med andre berre velstand – hittil, seier skipper Volle.

Mellom båtane som fiska godt måndag var «Christina E.» frå Herøy, som tok 765 tonn i eitt kast. Også «Havskjer», «Vestbas», «Havfisk» og «Gunnar Langva» fekk fangstar i går, og er i land for å levere.

Spent framfor ny dag på feltet

Tysdag formiddag nærma «Fiskeskjer» seg feltet, der båtar alt er i gang med å kaste. Det er fint vêr, og nesten vindstilt.

– Blir det ein ny stordag i dag?

– Eg håper det. Men det er det ingen som veit. Éin dag er det bra, ein annan noko heilt anna, seier skipper Andreas Volle på «Fiskeskjer».

Sunnmørsposten med på makrellfiske. Les også:Del 2: Fangst på første forsøkDel 3: Makrellen fann holetDel 4: Berga dagen på overtid

Sunnmørsposten har hatt eit reportasjeteam på «Fiskeskjer». Til nett er det levert fire reportasjar. Det blir meir å lese i papirutgåva.