Sunnmørsposten på makrellfiske. Del 1: Blir det stordag som i går?

Etter ein 15 timars tur nordvestover frå Ålesund var «Fiskeskjer» framme med resten av «gjengen» på makrellfeltet tysdag formiddag. Det tok ikkje lange tida før skipper Andreas Volle fann det han leita etter: Ein raud flekk på sonaren viste at her var det makrell.

– Det gjeld å finne ein passeleg stor flekk. Og eg tippar denne er på eit par hundre tonn, sa skipperen.

– Ikkje fred å få

Dermed fekk mannskapet beskjed om å gjere seg klar, og dei som hadde hatt nattevakt, og nettopp gått til køys, vart vekte opp.

– Det er visst ikkje fred å få, sa bestmann Einar Finnøy, då han kom opp i styrehuset for å hjelpe skipperen med å ta avgjerda om det skulle kastast eller ikkje.

Ein time med venting i spenning

Kasting vart det, og etter ein knapp time var nota tatt så langt inn at spenninga vart utløyst. Jau då her var det fisk! Store mengder sprellande makrellar.

Pumpinga byrja, og klokka 12.40, om lag to timar etter at nota kom i sjøen, kom beskjeden frå styrehuset: «No e det tomt».

Dermed kan «Fiskeskjer» melde inn 250 tonn makrell, altså om lag det skipperen rekna med før han kasta. Storleiken er på rundt 400 gram.

– Hadde vi fått oss ein slik flekk til i dag, så hadde det vore passeleg, seier skipper Andreas Volle.

Mange båtar på feltet

Det er rundt 30 små og store båtar på feltet tysdag. For skipper Andreas Volle er det ikkje om å gjere å få mest muleg. For fisken skal seljast også, og i går kom det 10.000 tonn på marknaden.

Hittil har prisane vore gode – rundt 14 kroner kiloet.

– Med så mykje fangst i går, og så mange båtar på feltet, er det ikkje noko særleg å kome med store fangstar, meiner Andreas Volle.

Sunnmørsposten med på makrellfiske. Les også:Del 1: Blir det storfangst som i går?Del 3: Makrellen fann holetDel 4: Berga dagen på overtid

Sunnmørsposten har hatt eit reportasjeteam på «Fiskeskjer». Til nett er det levert fire reportasjar. Det blir meir å lese i papirutgåva.