Tysdagen byrja med ein solid treff, så kom ein halvbom, deretter ein heilbom. Dermed var ikkje stemninga i styrehuset den aller beste då kvelden nærma seg.

– Eg trudde det skulle vere storgreier. Han stod opp i gjennom heile vegen. Men plutseleg var han vekk, sa skipper Andreas Volle etter bomkastet seint på ettermiddagen.

Dermed låg det an til ein dagsfangst på 320 tonn. Og det var ikkje skipperen nøgd med. No nærma kvelden seg, og då brukar makrellen «å slå seg ut over» på denne tida av året. Det vil seie at stimane går i oppløysing.

Skipperen hadde ikkje berre tida mot seg. For nota hadde fått eit hol, og måtte bøtast i all hast. Klokka 20.40 var alt klart, men var det for mørkt ute?

– Vi må prøve på det som er der, og få med det vi kan, sa skipperen, og ga beskjed om å la nota gå.

Kamp mot klokka

Ein times tid seinare viste det seg at det vart fangst. No byrja kampen mot klokka igjen. For fisken måtte vere innmeld til Sildesalslaget før klokka 22.00 for å få vere med på kveldsauksjonen.

Og klokka 21.58 kunne «Fiskeskjer» melde inn dagens fangst- på til saman 430 tonn.

– Det er ein bra fangst, men det var ein litt trøblete dag, seier Einar Finnøy, som er ein av dei to skipperane på «Fiskeskjer».

Fjerde fangst på åtte dagar

Dermed kan «Fiskeskjer» levere sin fjerde fangst på åtte dagar. Med eit bod på 13.11 kroner kiloet fekk Brødrene Sperre på Ellingsøy tilslaget. Slik dei fekk på den førre fangsten til «Fiskeskjer».

Alt i alt vart det ein ny stordag på makrellfeltet i Norskehavet, med knappe 10.000 tonn innmeldt, frå nesten 50 båtar. Mellom dei var «Leinebjørn» (235 tonn), «Smaragd» (770 tonn), «Sæbjørn» (550 tonn) og «Rogne» (440 tonn).

Sunnmørsposten med på makrellfiske. Les også:Del 1: Blir det stordag som i går?Del 2: Fangst på første forsøkDel 3: Makrellen fann holet

Sunnmørsposten har hatt eit reportasjeteam på «Fiskeskjer». Til nett er det levert fire reportasjar. Det blir meir å lese i papirutgåva.