Det internasjonale råd for havforsking, ICES, har oppjustert makrellrådet for 2016 etter at det vart oppdaga ein datafeil, opplyser Havforskingsinstituttet.

Den oppdaterte bestandsberekninga viser 14 prosent høgare gytebestand i 2015 samanlikna med det opphavlege rådet frå september i fjor. Det var ein enkel menneskeleg feil som var årsak til feilen. Derfor korrigerer ICES bestandsberekninga og kvoteanbefalinga.

Kvoteråd for 2017 for makrell og dei andre pelagiske bestandane i Norskehavet blir publisert 30. september.

Oppdatert råd for 2016 finst på ICES sine nettsider.

Med ut på makrellfiske

Tysdag var Sunnmørsposten med på storfiske etter makrell:Del 1: Blir det stordag som i går?Del 2: Fangst på første forsøkDel 3: Makrellen fann holetDel 4: Berga dagen på overtid