Berre i førre veke vart det omsett makrell for 670 millionar gjennom Norges Sildesalslag. Prisane ligg 3-4 kroner kiloet over fjoråret.

– Vi må tilbake til rekordåret 2011, då tsunamien i Japan bidrog til rekordprisar, for å finne same fangstverdi på makrellen, seier Finn-Arne Egeness.

Med dages prisar står makrellen for nesten 40 prosent av fangstinntektene til eit fullstrukturert ringnotfartøy med kolmulekonsesjon, og endå meir for eit reint ringnotfartøy.

Analytikar Finn-Arne Egeness i Nordea trur markanden i Japan godtar høg pris, men er usikker på Afrika og Aust-Europa. Foto: Nordea

– Det betyr at svært mykje av grunnlaget for årsresultatet vert lagt i ein kort periode på hausten, seier Egeness.

Fiskeindustrien, representert ved Inger Marie Sperre ved Brødrene Sperre, har vore uroa for at dei høge prisane gjer det vanskeleg for dei.

– Men signala frå marknaden antydar at industrien tener pengar på makrellen som går til Japan, seier Finn-Arne Egeness.

Halvparten av makrellen vert seld til betalingssterke land i Asia. Spenninga er knytt til eksporten til land i Afrika, Aust-Europa og Midt-Austen.

– Skal 2016 bli eit godt år for alle bedriftene i pelagisk konsumindustri, er ein avhengig av at desse marknadene har ein betalingsevne og vilje som reflekterer førsthandsprisen og kostnadene til industrien, seier Finn-Arne Egeness.

Salsdirektør Knut Torgnes i Norges Sildesalslag deler ikkje uroa for at makrellen skal prise seg ut av marknaden.

– Industrien konkurrerer om å kjøpe makrell, så det betyr at prisen vert rett.

– Men det er vel ikkje bra på lang sikt dersom kjøparsida taper pengar?

– Industrien lever av marginane, og det er ikkje gitt at dei vert større om prisen er lågare. Generelt har vi over tid sett at lønsemda i fiskeindustrien ligg på same nivå som resten av næringsmiddelindustrien, seier Torgnes.

Sunnmørsposten med på makrellfiske:Del 1: Blir det stordag som i går?Del 2: Fangst på første forsøkDel 3: Makrellen fann holetDel 4: Berga dagen på overtid