Ny fabrikktrålar:

Nye «Ramoen» er endeleg ferdig

Har fått flytande filetfabrikk til 340 millionar kroner.

Ny fiskebåt: Nye «Ramoen» ved kai i Ålesund.  Foto: Nils-Harald Ånstad

Fiskeri

«Ramoen» er eit av tre skip som er att i den tradisjonelle fabrikktrålarflåten, det vil seie dei som driv filetproduksjon om bord.

- Vi har fått ein båt som kan drive høgverdig foredling om bord, og med det auke norsk verdiskaping, seier dagleg leiar Per Magne Eggesbø i Eros-rederiet, som eig to tredelar av «Ramoen».

Resten er eigd av Vartdal-familien, med veteranane Knut og Atle i spissen. Særleg sistnemnde har vore aktiv i utforminga av den nye fabrikktrålaren. Onsdag vart båten presentert i Ålesund.

- Vi har fått ein topp moderne og effektiv båt. Den ligg nesten på sjarknivå når det gjeld oljeforbruk per kilo fisk, seier Atle Vartdal.

Reiarar og skipper på brua på "Ramoen": F.v: Per Magne Eggesbø, skipper Egil Skarbøvik, Atle Vartdal og Knut Vartdal. Foto Nils-Harald Ånstad.  Foto: Nils-Harald Ånstad

I god sunnmørsk tradisjon har reiarane kome med innspel om korleis båten skal utformast. Deretter har designselskapet, Rolls-Royce, gjort sitt. Dermed har dette blitt ein fabrikkbåt det ikkje finst maken til.

- Det er eit høgt teknologisk nivå. Reiarane har valt det beste. Og det er ein grøn båt. Det er ikkje muleg å lage det grønare i dag, seier Monrad Hide som er designsjef for fiskebåtar hos Rolls-Royce Marine.

Rolls-Royce har og levert motorane til nye «Ramoen», medan fabrikken er levert av Bjørdal industrier i Ørsta. Nye «Ramoen» er 75 meter lang, og er bygd i Spania. Båten har eit mannskap på rundt 30 personar, og det er to skift.

- Det betyr 50-60 heilårs arbeidsplassar. Og 90 prosent av mannskapet er frå Møre og Romsdal, seier reiar Per Magne Eggesbø.

Båten vert døypt laurdag, og så snart utstyret er testa i sjøen, berst det mot fiskefelta i Barentshavet. På grunn av forseinka levering har «Ramoen» dårleg tid til å ta resten av årskvoten.