Silda svelt fordi den ikkje finn nok mat.

Syndaren er ein rovfisk, makrellen, som har tømt sjøen for liv. Det meiner den erfarne fiskaren frå Midsund.

– Her ser de nokre eksemplar av silda vi fekk på Rakvågen no, seier Torfinn Gangstad på telefonen. Han har fått 30 tonn sild nord for Otrøya med «Gangstad  jr» og er på veg for å losse.

Torfinn Gangstad frå Midsund har vore fiskar sidan 1964. Foto: Privat

I 50 år har han budd meir på havet enn heime, som han seier det. I fjor var han nominert til «Årets namn» i sjømatnæringa.

Han har lese kronikken som Jan Johansen hadde i Sunnmørsposten på måndag. Og han er så einig.

Bildet han sender over til Sunnmørsposten på veg heim frå sildefeltet er talande. Dem eine silda er syltynn.

– Dei to sildane er like lang, 32 cm. Den slanke veg 220 gram, mens den normale veg 320 gram, fortel han.

– Rundt 40 prosent av silda vi fekk på Rakvågen i dag er som den skrinne, ifølgje Gangstad.

Held seg langs sjøbotnen

Normalt skulle denne silda no i august vere full av raudåte og ister, glimrande som spekesild.

– Silda brukar å vere nær overflata, lett å finne og å fange. No held den seg på sjøbotnen heile døgnet for å finne plankton, og den er skrinn og mager, seier Gangstad.

– I august har eg aldri sett det så dødt i sjøen som no. Eg syns det er skremmande, seier den erfarne fiskaren.

Store mengder makrellyngel

I mai såg det betre ut. Det var god oppblomstring med raudåte, som er mat for mange slag fisk. Det har også Havforskingsinstituttet dokumentert.

Men i sommar har ein stripete rovfisk, makrellen, ete om seg, også utanfor kysten av Sunnmøre og Romsdal.

No har den reist vidare. Tilbake er det nesten tomt.

– Ekkoloddet er så reint. Det er lite å finne, seier Gangstad.

Han er sikker på at det er makrellen som er syndaren.

– Eg har aldri sett så mykje makrellyngel som det er no. Men den har ikkje mat, den heller, den er skrinn og kjem til å daude.

– Og det er makrell frå Skagerak til Varangerfjorden og ved Grønland og Svalbard. Det er mykje meir makrell enn det forskarane vil ha det til, meiner Gangstad.

Mest gammal NVG-sild

Norsk vårgytande sild, derimot, har ikkje hatt eit godt år sidan 2004.

– Det er nesten ingen tilvekst og berre gammal sild igjen. Det har ikkje vore ein god bestand sidan 2004, og dei er no i ferd med å døy ut på grunn av alder og matmangel, seier han.

Brislingen og tobisen er allereie borte. No svelt silda.

– Snart kjem dette til å ut over botnfisken, trur Gangstad.

At også makrellyngelen svelt er ei slags trøyst.

Men med dei store makrellmengdene som er, vil det lang tid før dette eventuelt justerer seg sjølv, trur han.

Ventar protest

Det einaste som nyttar, meiner han, er å fiske opp meir makrell.

Men Gangstad veit at det vil vekke protestar frå makrellfiskarar.

– Dei snakkar om prisar og marknad. Men ein kan ikkje tenke slik. Det som trengst er ei berekraftig forvaltning. Alt heng saman, understrekar den erfarne fiskaren.

Les også Torfinn Gangstad sitt lesarinnlegg i Sunnmørsposten

Ber om møte med forskingsdirektør

Forskarane kjem kvart år med sine råd om kor mykje makrell som bør fiskast opp. Det er mykje meir makrell enn det forskarane er klar over, meiner Gangstad.

– Det som trengst er eit utstrekt samarbeid mellom fiskarar og forskarar.

– Eg har bede om å få møte med direktør Sissel Rogne og forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskninga, seier Gangstad.

– Men vil det nytte. Kan brislingen, tobisen og silda kome tilbake?

– Eg trur det kan kome tilbake. Dersom ein tar grep, så vil det nytte, trur den erfarne fiskaren.