Makrellen har gitt nærast daudt hav i sommar, melder fleire fiskarar.

Torfinn Gangstad frå Midsund har fortalt om skrinn sild og lite liv i fjordane no i august. Pensjonert sildebas Jan Andreas Johansen har utfordra politikarane: Gir makrellen økologisk kollaps? spør han i ein kronikk i Sunnmørsposten denne veka.

Sameleis utanfor kysten

No fortel skipperen på Herøy-båten «Vestbas» at det er sameleis utanfor kysten. I førre veke gjekk dei frå Stad til Vikna i Nord-Trøndelag for å fiske etter sei.

– Det var daudt i havet. Seien stod heilt i botn og var ikkje fangstbar. Sjøfugl var totalt fråverande. Det einaste vi såg var årsyngel av makrell, fortel skipper Kurt Ellingvåg på «Vestbas».

– Det var total mangel på mat, seier han vidare. – Når vi fekk opp sei på snøre, var den heilt tom, utan mat i magen, og den byrjar å bli mager.

August var beste tida

I nærare 40 år har han vore på sjøen. For 20 år sidan var august den beste tida, med mykje åte i havet og med fugleliv. Dei siste fire-fem åra har det blitt heilt annleis, fortel han.

Som fleire andre meiner Ellingvåg at makrellen har gjort reint bord i løpet av sommaren.

– Tidlegare i sommar gjorde eg meg tankar då eg såg all makrellen, at her er det nokon som forsyner seg grovt av matfatet.

– I mars var det godt med sildeyngel. Og i april og mai var det raudåte. Rundt 17. mai var seien i godt hald. No er det heilt dødt.

Han har håp om at det blomstrar opp igjen når makrellen har passert. Men har reknar ikkje med så mykje liv i havet før etter sildegytinga til våren.

Lite forskning

Han utfordrar både havforskarane og politikarane:

– Havforskarane burde køyre tokt når dette skjer, det vil seie eit kystnært tokt frå mai til august, meiner den erfarne fiskeskipperen.

– Mitt inntrykk er det at det er lite forskingsbåtar ved kysten her sørpå i den tida, seier Ellingvåg.

Burde tillate makrell til mel og olje

Og politikarane burde tillate fangst av makrell til olje og mel.

– Makrellen ved kysten er liten og ikkje så lett omsetteleg. Men den må fiskast likevel. Det er ikkje lov å fiske makrell til mel og olje. Ein dispensasjon hadde hjelpt på, seier Ellingvåg.

– Men det er ikkje så mykje pengar i det, så det må kome i tillegg til regulær kvote, med fiske frå mai og utover.

– Har du tru på at det vil skje?

– Det er eit politisk spørsmål og lang veg å gå, trur skipper Kurt Ellingvåg på «Vestbas».