Lysprikkfisk og laksesild kan bli fiskeslag som du får høyre meir om – dersom det er mogleg å få til kommersielt fiske.

– Her er det mykje lekkert protein, blant anna. Men eg er fascinert over kor lite vi veit om desse ressursane, sa havforskingsdirektør Sissel Rogne på Pelagisk Arena i Ålesund torsdag.

No vil også Havforskingsinstituttet bidra i forskinga på det som kan bli eit nytt eventyr for norsk fiske og fangst.

Nytt eventyr? Mengder med laksesild, ein uutnytta fisk som finst i mengder i havet. Foto: Leif Grimsmo / Sintec Ocean

Det er berekna at det finst rundt 10 milliardar tonn med mesopelagisk fisk. Det er enorme mengder samanlikna med dei bestandane vi i dag haustar. I tillegg kjem andre mesopelagiske organismar enn fisk.

– Det er mest fisk ein jaktar på. Men her er utruleg mykje anna vi skulle finmyse på, seier Sissel Rogne.

Nesten ingen har turt

Laksesild. Foto: Leif Grimsmo / Sintec Ocean

Reiarlaget som har forsøkt mest er Brødrene Birkeland Fiskebåtrederi i Hordaland. Torsdag var reiar Arne Birkeland på Pelagisk Arena i Ålesund, og fortalde at dei har svidd av ein del millionar kroner utan å ha fått noko igjen så langt.

30 millionar kroner skal dei ha brukt på dette så langt. Tokta dei har gjennomført skal til saman vere på 39.000 km.

Det er tidlegare, både nasjonalt og i utlandet, gjort fleire forsøk på fangst og prosessering av mesopelagisk fisk.

Det er mange uløyste spørsmål

Hoggormfisk. Foto: Leif Grimsmo / Sintec Ocean

Kva funksjon har desse organismane i økosystemet? Kvar på kloden er dei største mengdene? Kva er beste måten å gjennomføre fisket?

Og kan dette bli ei god næring? Eller er det som i skogen, at der er mykje kratt som det ikkje svarer seg å hauste.

Birkeland og Leif Grimsmo i Sintef Ocean er glad for at fleire blir med på laget.

– Vår bodskap er at vi må setje alle klutar til, seier Grimsmo til Sunnmørsposten.

Når mange av desse organismane kjem opp av havet, blir dei raskt øydelagd i kontakt med luft.

Det som er heilt klart, er at mesopelagisk liv må prosesserast med ein gong. Etter to timar på dekk er det kanskje berre auga att på fisken som kjem opp frå havdjupet.

Så langt er det brukt trål i forsøksfisket. Men kva er beste måten å fange organismane utan kanskje å tråle med seg egg og larvar og artar som bør få leve i fred?

– Kanskje er det noko anna enn trål som er løysinga. Kanskje det er mogleg å lokke eller skremme fisken inn i eit fangstnett, kanskje ved hjelp av lys, foreslår Sissel Rogne.

Kor mange år vil det gå før eit kommersielt fiske muligens kan vere i gang?

– Dette blir det noko av, seier Grimsmo i Sintef sikkert.

– Vi er kanskje fem år fram, seier reiar Arne Birkeland.

Oppdrett

Planen er å bruke mesopelagisk fisk som mat til oppdrettsfisk.

– Prosjektet vil kunne bidra til å sikre ein betydeldg vekst i norsk havbruksnæring gjennom å utnytte mesopelagisk fisk, som er ei viktig marin fôrkjelde med dei essensielle marine fettsyrene EPA og DHA, seier Grimsmo i Sintef Ocean.