Etter år med jobbing for strukturering og høgare kvotetak på makrell og sild, meiner Herøy-reiaren at den årelange debatten har blitt forslitt.

I dag er det rundt 75 ringnotbåtar i Norge.

– Dei neste åra blir det ikkje mykje diskusjon, nivået er lagt, seier Sigurd Teige til Sunnmørsposten.

– Kva meiner du at reiarane heller bør konsententere seg om?

– Havforskarane sine bestandsvurderingar er éin viktig ting, seier Teige først.

At direktør Sissel Rogne i Havforskingsinstituttet vil involvere fiskarane meir i dette arbeidet, ser han på som viktig og spanande. Han legg ikkje skjul på at han meiner fiskarane bør halde fram med å vere kritisk til havforskarane.

– Kor lenge vil det gå før du meiner at samarbeidet mellom havforskarar og fiskarar er der det bør vere?

– Det er nok eit stykke veg å gå, er alt Teige vil svare.

Andre moglegheiter som han meiner det bør jobbast med er ein meir rasjonell fiskeindustri på land, og sjølvsagt marknaden.

2017 kjem til å bli eit dårlegare år enn fjoråret, utan at Teige vil slå alarm.

– Fjoråret var eit godt år. Vi vil i år få ein betydeleg nedgang på 15–20 prosent.

– Men det greitt likevel?

– Såpass bør det vere, svarer Teige.