I januar var Brødrene Sperre villig til å betale godt over sju kroner kiloen for nvg-sild. Sidan då har marknaden snudd, og prisane har falle dramatisk. Sild på lager har gitt tap for mange i fiskeindustrien.

Men fiskarane tar ikkje omsyn, dei sikrar berre seg sjølv, meiner Sjømat Norge. Før helga bestemte Norges Sildesalslag ein minstepris på 3,75 kroner for den største fisken. Det meiner fiskeindustrien er arrogant.

– Fiskarane vil oppnå sterke økonomiske resultat også i 2017. Fiskeindustrien har derimot tapt titals millionar av kroner på sild så langt i år. I denne situasjonen er det nokså arrogant at Sildelaget vel å bryte avtalen med Sjømat Norge, i eit forsøk å styre ei naturleg marknadsutvikling, seier direktør Sverre Johansen i Sjømat Norge i ei pressemelding.

Hadde dynamisk minstepris

Avtalen mellom partane var eit prøveprosjekt med dynamisk minstepris, der minsteprisen var 80 prosent av marknadspris dei siste to vekene. Regjeringa sitt ekspertutval har anbefalt denne modellen og meiner den er effektiv og sparer næringa for støy.

– Sildelaget var godt fornøgd med denne modellen så lenge den ga høge minsteprisar. Då marknaden snudde, var visst ikkje modellen så god likevel, uttaler Sjømat Norge.

– Vi kan ikkje ha det slik at når verdsmarknaden seier stopp, så skal sildefiskarane ha ein garantert minstepris, seier Inger-Marie Sperre hos Brødrene Sperre til Sunnmørsposten.

– Då Sildelaget einsidig sette minsteprisen før helga, viste dei i klartekst at avtalen har vore eit spel for galleriet. Sildelaget har heller ikkje kome oss i møte på andre område der departementet sitt ekspertutval har gitt klare innspel på kva som må til for å normalisere førstehandsomsetning av fisk. At modellen blir suspendert av Sildelaget når dei ikkje lengre lika utfallet, fortel oss at Sildelaget eigentleg ikkje ønskjer samarbeid med industrien, seier Sperre.

Prøvde mekling

Norges Sildesalgslag svarer at dei ikkje forstår kritikken.

– Då Sildelaget tok saka til mekling for å fastsetje ein minstepris, meinte Sjømat Norge at det var bortkasta tid, seier direktør Paul Magnus Oma i Sildelaget.

Då gjorde dei det som dei har lov til etter Fiskesalslova: Dersom mekling ikkje fører fram, kan fiskesalslaget fastsetje minstepris.

– Vi har vurdert lagersituasjonen og snakka med norske og utanlandske kundar. Vi meiner no å funne eit rett nivå som ikkje er til hinder for handel. Eg har ikkje sett handel på minsteprisen enno, seier Oma.

Sildelaget meiner minsteprisen gir eit godt grunnlag for ei god omsetning av sildekvoten framover for alle partar.

– Ved å fastsetje ein slik botn, får vi ro og stabilitet i marknaden slik at handelen går normalt, meiner Oma.

– Meiningslaust tiltak

Sjømat Norge reagerer kraftig. Dei meiner at det framleis er godt med pengar å tene for fiskarane.

– Sjømat Norge har vore tydeleg på at marknaden vil stabilisere seg. Norges Sildesalslag verkar desperate når dei fastset ein absolutt minstepris for sild som ikkje har forankring i marknaden eller hos kjøparane. Det er ein merkeleg måte å forvalte monopolmakta på, seier direktør Sverre Johansen i Sjømat Norge.

– Vi har ikkje fått negativ tilbakemelding frå nokon av dei kundane vi har snakka med, svarer Oma i Sildelaget.