Kjell Inge Røkke har i fleire år jakta på Stig Remøy sine krillpatent. No er det klart at striden om den patenterte krillfabrikken om bord på trålaren «Juvel» hamnar i retten, skriv Fiskeribladet Fiskaren. Saka skal etter planen opp i Sunnmøre tingrett.

Røkke fekk hand om «Juvel» då krilltrålaren var på tvangssal i fjor. Røkke meiner at han også kjøpte krillpatenta. Stig Remøy har på si side påpeika at desse patenta ikkje er eigd av det konkursramma selskapet Emerald Fishing men av selskapet Rimfrost og har trua med rettssak.

Advokaten som administrerte konkursbehandlinga av «Juvel», Tore Heggen, presiserer at bustyret ikkje vil ta stilling i denne patentstriden.

– Det er rett at vi og kreditorane anmoda Rimfrost om å overføre patentet frå «Juvel» til den nye eigaren, men vi som administratorar av konkursbuet har ikkje tatt stilling til eigarskapen til patentet, seier Heggen til Fiskeribladet Fiskaren.

Dragkampen mellom Røkke og Remøy har vart i meir enn tre år. Striden står også om krillpatent i USA. Bustyrar Heggen har påpeika at denne striden var ei viktig årsak til konkursen i Emerald Fishing.

Så langt er det Stig Remøy og selskapet Rimfrost som har fått medhald: Det amerikanske patentrådet meiner at to av Aker Biomarine sine patent faktisk ikkje skulle vore godkjend.