(Romsdals Budstikke) MIDSUND: – Vi har fått ein pangstart, og ser no lyst på å satse vidare på fiskeri, seier Andreas Løken Håbet.

Til Tromsø

Midsundfiskaren i bedrifta Fredrik Løken AS reiser no til Tromsø saman med kompanjongen og nevøen Fredrik Løken. Planen er overtaking av ny fiskebåt laurdag. Den nye båten, «Tilde Maria», er 33 fot, og blir ei klar oppgradering frå båten dei bruker i dag.

Gler seg

– Dette er veldig artig, vi gler oss stort. Vi har no ein open 20-fots båt, som vi har drive godt med. Men det er klart at når vêret er dårleg, blir det veldig bra med ein større med overbygg. Då slepp vi å sjå på at dei andre går ut, og vi må vente, seier Løken Håbet.

Tok steget

Dei to starta med fiskeri i fjor sommar.

– Eg har jobba i 12 år ved Romsdal Processing som kvalitetssjef, og tok steget saman med Fredrik. Slik kom han seg inn i arbeidslivet, og vi har trua på at dette blir eit godt levebrød, seier Løken Håbet.

Forsiktig start

Det heile starta med at Fredrik Løken fiska krabbe med ein 17 fots småbåt, og slik skaffa 15.000 til aksjekapital.

– Vi har teke steg for steg, og synest det har gått radig. Vi fiskar krabbe og hummar når det er sesong for det, og sjøkreps no på denne tida. Etter kvart kan vi kanskje også komme inn på å fiske torsk, om vi får ein rekrutteringskvote, seier Løken Håbet.

Enno har dei to ikkje teke ut lønn, men det reknar dei med å få til snart, når dei er godt i gang med nyebåten.

Investering

Kjøpet av «Tilde Maria» betyr ei investering på 2,5 millionar kroner for dei unge fiskarane.

– Det er spenstig for oss, men det går bra, seier Løken Håbet, og understrekar at støtta dei har fått har vore avgjerande.

Selskapet fekk i fjor haust 217.000 kroner frå det kommunale næringsfondet.

– Dette var heilt avgjerande. Med desse midlane kunne vi doble talet på teiner, og dermed doble inntektene. På den måten vart det også muleg å få lån i banken, det hadde ikkje gått utan. Det var ein terskel vi måtte over, og avgjerande for om ein skal klare seg eller ikkje, seier dei to.

Hjelp og støtte

Dei krediterer også både familien fiskerimiljøet i Midsund.

– Vi har ein fantastisk landmann, far min Reidar Håbet. Han har hjelpt til med spleising og ordning av tauverket vi brukar, og er sterkt medverkande til at vi har kome så godt i gang, seier Løken Håbet.

– Godt miljø

Han peiker også på det unge fiskerimiljøet i Midsund.

– Vi samarbeider med, og får levere fangsten vår til Silver Seafoods. Dei har etablert seg og opparbeida seg ein godt marknad for sjøkreps. Dei er ei viktig brikke for miljøet, og innverkar også på vår framgang, poengterer dei unge fiskarane.

Denne saka vart først publisert av Romsdals Budstikke

Fiskarane hentar «Tilde Maria» i Tromsø denne veka. Foto: Privat