– I takt med at fiskeflåten blir effektivisert, ser vi at legitimiteten til flåten blir utfordra, seier fiskeriminister Per Sandberg.

– Er bidraget frå næringa til kystsamfunna stort nok? spurde fiskeriminister Per Sandberg reiarane i den havgåande fiskeflåten

Sandberg opnar for at tilbakefall av tidsavgrensa kvotar ikkje går tilbake til gruppa – altså at kvotar innan ringnot ikkje går tilbake til ringnotbåtar, og kvotar innan trål ikkje går tilbake til trål-gruppa, og det same innan line.

– Eg meiner at vi no må ta stilling til det eg meiner er eit kunstig skilje mellom grunnkvotar og strukturkvotar. Det inneber at vi må tørre å ta debatten om strukturgevinsten einsidig skal omfordelast innan dei ulike fartøygruppene. Dette er eit sentralt tema i Eidesen-utvalet sin rapport: Korleis skal gevinsten næringa får gjennom strukturering brukast, seier Sandberg.

– Lettare sjokka

Styreleiar i Fiskebåt Vest, Paul Harald Leinebø, seier han er lettare sjokka.

– At han vågar å rokke ved dette, det er eit stort og overraskande overtramp av ein fiskeriminister. Han rokkar ved sjølve grunnfjellet vårt, seier Leinebø.

Så går han og hentar Inge Halstensen frå Austevoll, som nyleg kjøpte trålaren «Granit».

– Dette er eit politisk svik mot alle løfte som er gitt gjennom 20 år. Det har vore ei hovudsetning at tilbakefall skal skje til gruppene. Ei endringa av dette rokkar ved den stabiliteten som er oppnådd mellom havflåten og kystflåten, seier Halstensen.

Så går Halstensen og hentar Herøy-reiar Sigurd Teige:

– Vi kan ikkje investere i båtar til 300 millionar kroner med den usikkerheita som Sandberg no antydar. Han rokkar ved grunnlaget som dei politiske partia har akseptert, og som har betydd stabile og langsiktige rammevilkår for heile fiskeflåten, seier Teige.

Også pliktsystemet skal opp til debatt igjen

Også fiskerane sine plikter skal opp til debatt igjen.

Sandberg forsøkte i førre stortingsperiode å avvikle dei siste restane av leveringspliktene, og samtidig overføre trålerkvotar til kystflåten. Det lukkast han ikkje med.

Frå talarstolen på Fiskebåt sitt årsmøtet fortalde han at han igjen vurderer å endre på pliktene som fiskarane har.

– Som fiskeriminister er eg opptatt av ein god dialog med både næringskomiteen på Stortinget og råka organisasjonar. I samband med dette skal vi ha to møte med næringskomiteen i nær framtid, seier Sandberg, og antydar 1. mars som ein møtedato.

Sandberg har som mål at Stortinget gjer eit vedtak tidleg i denne stortingsperioden, det vil seie seinast i 2019. I mellomtida håper han på mange innspel i høyringa som kjem.

Til dei tre fiskebåtreiarane seier han dette:

– Eg registrerer at her har ein plukka ut delar av kva eg sa og ikkje fått med seg helheita. Eg presiserte også fleire gonger frå talarstolen at eg ikkje har konkludert på nokon som helst måte på Eidesen-utvalet sine forslag.

Fiskebåt sitt årsmøte i dag hadde rundt 350 deltakarar.

Kronikk: Arild O. Eidesen: «Hvorfor endre på et kvotesystem som leverer såpass godt på viktige målsettinger?»

Kronikk: «Må ikke gå i danskefella»

Fleire reiarar i den havgåande flåten reagerer sterkt på fiskeriministerens forslag. F.v. Paul Harald Leinebø, Inge Halstensen og Sigurd Teige. Foto: Per Ove Stige
Fiskebåt sitt årsmøte hadde rundt 350 deltakarar. Tradisjonen tru er årsmøtet på Bristol Hotel i Oslo. Foto: Per Ove Stige