Torsdag starta både politiet og Havarikommisjonen undersøkingar etter dødsfallet på trålaren «Nordstar».

Det er som er klart er at mannen omkom under arbeid i ein tank, opplyser Havarikommisjonen torsdag ettermiddag. Dei har gjennomført samtalar med mannskap om bord.

– Hendinga vart raskt oppdaga, og han vart henta opp og gitt hjarte- og lungeredning av mannskapet om bord. Fartøyet kontakta norske og islandske redningstenester og sette kursen mot Island for å møte eit redningshelikopter som vart sendt derfrå. Helikopteret kom til fartøyet i overkant av to timar etter ulukka, men mannens liv stod ikkje til å redde, opplyser Havarikommisjonen.

Bjørn Bratfoss er undersøkingsleiar for kommisjonen. Til Sunnmørsposten seier han at dei i denne omgang avsluttar samtalane med mannskap i løpet av torsdag kveld.

Etter det Sunnmørsposten forstår, vil politiet halde fram med avhøyr fredag. Dei har gjennomført kriminaltekniske undersøkingar, og ventar også på obduksjonsrapport frå Island.

Dødsulukka skjedde søndag i internasjonalt farvatn sør for Island. Fartøyet var undervegs til Ålesund for lossing. Den døde fiskaren er frå Latvia og har familie der.