Den nye fiskeriministeren ber om at hans habilitet blir vurdert. Denne veka vart Nesvik sin gamle arbeidsplass politimeldt for ulovleg dumping av lusemiddel. Vatn som er tilsett legemiddel for behandling av fisk mot lakselus kan ikkje tømmast til sjø nærare enn 500 meter frå rekefelt eller gytefelt. Ei rekke brønnbåtselskap har brote denne regelen, inkludert arbeidsgjevaren som han nettopp jobba for, ifølgje NRK.

No har Nesvik sjølv bede om at hans habilitet blir vurdert av Justisdepartementet. Det skriv Nesvik (Frp) i eit skriftleg svar til Lars Haltbrekken (SV). Fiskeridirektoratet skal utarbeide ein rettleiar som skal klargjere kva omsyn som må takst før tømming av badebehandlingsvatn frå brønnbåtar. Nesvik er usikker på om han er habil til å godkjenne denne rettleiaren.

– Denne habilitetsvurderinga gjeld éi spesifikk sak knytt til brønnbåt, understrekar Nesvik overfor Sunnmørsposten.

– Kva med andre saker knytt til havbruk og oppdrett?

– Eg har aldri jobba i havbruk. Eg har jobba for eit brønnbåtselskap, seier Nesvik.

Første fiskeriminister frå Nordvestlandet på 50 år

Dei relativt rolege dagane som informasjonssjef i Sølvtrans er forbi. Nesvik fortel at han kjem rett frå eit møte med politikarar i Finnmark. Der oppe er dei nok bekymra for kva ministeren frå Sunnmøre vil finne på. Det har nesten vore ein regel at fiskeriministeren kjem frå eller bur i Nord-Norge. Oddmund Myklebust frå Sandøy er eitt av få unntak, han var minister i tre år fram til 1968.|

– Har kystsamar større rett til fiskekvotar enn resten av kystbefolkninga i nord?

Etter 10 dagar som ny fiskeriminister svarer Nesvik rundt på dei fleste spørsmål.

– Kva med strukturering av sjarkflåten under 11 meter?

– «Dette er eit arbeid som held på» og «Dette er noko vi jobbar med og kjem tilbake til», svarer han fleire gonger.

Også i Nordland fylke er dei spent på den nye ministeren.

– Vi er spent på om han vil lytte til Nord-Norge. Nord og sør har ulike interesser, seier både fylkespolitikar Ingelin Noresjø (KrF) og Røst-ordførar Tor Arne Andreassen til Sunnmørsposten. Ikkje uventa er dei imot strukturering av flåten under 11 meter.

– Sjarkfisket er ei lønsam næring, det går godt. Dersom det likevel blir strukturering, blir det færre fiskarar. Dermed blir kystsamfunna avfolka, seier Noresjø. Ho går dermed kraftig ut mot dei som utelukkande vil sjå på AS Norge som éi eining med like reglar overalt.

Aktivitet i heile landet

Litt konkret er Nesvik likevel:

– Det skal vere aktivitet i heile landet, og lys i husa. Og det skal vere lønsamt og sikkert å jobbe som fiskar, seier Nesvik til Sunnmørsposten.

– Mi målsetting som sjømatminister er å skape gode og langsiktige rammevilkår. Det meste av fiskeri er lønsamt i dag, men dette kan endre seg med skiftande årsklassar. Vi må ha eit system som står seg over tid, seier fiskeriministeren.

– Vi er spent på om han vil lytte til Nord-Norge. Nord og sør har ulike interesser, seier både fylkespolitikar Ingelin Noresjø (KrF) og Røst-ordførar Tor Arne Andreassen. Foto: Per Ove Stige