Eitt steg nærare Gjøsund hamn

Ålesund-regionen si største fiskerihamn har dei kalla det.

Stiftingsmøte i Gjøsund Utvikling AS på Giske rådhus.   Foto: Privat

I tilknyting til hamna ligg 4.000 mål ubygd areal. Planen er at Gjøsund skal bli ei nasjonal fiskerihamn med godt utbygde fasilitetar. Illustrasjon: Giske kommune 

Fiskeri

Fredag var det stiftingsmøte i Gjøsund Utvikling AS på Giske rådhus. Selskapet skal planlegge og legge til rette for utvikling av Gjøsund hamn og næringsområde i samarbeid med grunneigarar og det offentlege.

Selskapet skal kunne erverve, utvikle og selje tomteareal i området, og også kunne bli eigar eller deleigar i selskap som støttar føremålet, heiter det i ei pressemelding.

Samla aksjekapital er kr 1.280.000 fordelt på 15 aksjonærar og 128 aksjar, der både fiskeriinteresser, industri og kommunen deltek i første fase.

Desse er valde inn i styret (vara i parentes): Rolf Giske - styreleiar (Tore Roaldsnes), Roger Blindheim - nestleiar (Tormund Grimstad), Giske fiskarlag v/Arild Gjøsund (Arild Giske), ordførar Harry Valderhaug (Kenneth Langvatn), Roar Dyb Sandnes (Knut Støbakk). Forretningsførar er Louis A. Nordstrand.

Full jubel på Gjøsund

Gjøsund hamn blir framskunda med fleire år og kan kanskje stå ferdig i 2022.


Gjøsund hamn er blitt framskunda med fleire år og kan kanskje stå ferdig i 2022. Det vart klart då Harald Tom Nesvik var på Valderøya med 91 millionar kroner i forskotterte midlar.

Giske har ein av dei største havgåande fiskeflåtane. No vil dei utvikle ei nasjonal fiskerihamn. Masse frå oppmudringa skal skape nytt land, og store areal for næringslivet blir dermed tilgjengeleg få minutt frå flyplassen på Vigra.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fiskeri