To nye krillkonsesjonar er tildelt

Fiskeridirektoratet har tildelt to nye krillkonsesjonar, til Rimfrost og til Aker Biomarine. Fish Group of Norway har fått avslag.

ARKIV. Dette er krilltrålaren «Juvel» i Antarktis for nokre år sidan. Stig Remøy har no fått nok ein krillkonsesjon.  Foto: Olympic Seafood

Fiskeri

Stig Remøy har tenkt å bygge ny krilltrålar etter at Emerald Fisheries gjekk konkurs og «Juvel» gjekk til konkurrenten Aker. Torsdag vart han tildelt nok ein konsesjon. Dermed kan det bli to nye krilltrålarar på Remøy.

Vigra-selskapet Fish Group of Norway søkte også men fekk avslag.

I vurderinga av søknadene var det viktig at norske interesser blir varetatt. Rimfrost synest å vareta norske eigarforhold betre enn dei to andre søkarane, skriv Fiskeridirektoratet. Det avgjerande var at Rimfrost og Aker er operative med produksjon som genererer kapital for gjennomføring av nybyggprosjektet, går det fram av brevet som Fiskeridirektoratet har sendt dei tre søkarane.

Med dette har Rimfrost to konsesjonar for fiske etter krill i Sørishavet. Aker Biomarine har fire konsesjonar.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fiskeri