– Svært store fangstar av makrell ved Jan Mayen og Svalbard

«Kings Bay» og «Eros» frå Herøy var med på årets internasjonale makrelltokt.

Bjørn Sævik, skipper på Herøy-trålaren «Kings Bay», på tokt med Havforskningsinstituttet.  Foto: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet / Arkiv

Kartlegginga av fiskebestandar sommaren 2019. Kart: Havforskingsinstituttet 

Fiskeri

Sommarens kartlegging av makrellbestanden er no grundig gjennomført, melder Havforskingsinstituttet. I fleire år har norske fiskarar og forskarane vore svært ueinige om kor mykje makrell det er i havet.

Kronikk: Eventyr eller økologisk katastrofe?

I år melder forskarane om historisk høge enkeltfangstar av makrell i dei nordlegaste havområda. Det er også den største makrellen som vandrar lengst nord om sommaren, summerer havforskar Leif Nøttestad.

– Ved toktslutt kan det konstaterast at det er tatt nokre få, svært store trålfangstar av makrell i dei nordlege og nordvestlege områda samanlikna med alle tidlegare år med data, og då spesielt aust i Jan Mayen-sona, men også sørvest av Svalbard, skriv Nøttestad på hi.no.

Dei måtte nesten opp til 78°N (vest av Longyearbyen på Svalbard) for å etablere null-linja for makrell. I Framstredet, mellom Svalbard og Grønland, fann dei ikkje nullinja på grunn av tidsnaud.

«Kings Bay» kartla eit stort område som grovt sett ligg mellom Jan Mayen og fastlandet. Den norske «Vendla», som tilhøyrer reiarlaget Østervold, kartla eit område sørvest av Svalbard, viser Havforskingsinstituttet sitt kart.

«Eros» er leigd inn av Grønland og har mellom anna kartlagt Irmingerhavet og Danmarkstredet.

Lite makrell langs norskekysten

Derimot var det små makrellfangstar langs norskekysten frå Hordaland til Finnmark.

I 2017 fortalde fiskar Torfinn Gangstad at markellen hadde gjort reint bord langs kysten, og at han aldri hadde sett havet så daudt.


Skipper Torfinn Gangstad:

«De dødeste kyststrøkene som jeg har opplevd»

Dette er de dødeste fjordene og kyststrøkene i Møre og Romsdal som jeg har opplevd siden jeg starta fiske.


I år er situasjonen ein heilt annan, melder havforskarane.

– Det var slåande kor lite ungmakrell som vart kartlagt langs norskekysten i år samanlikna med i fjor, skriv Nøttestad.

«Kings Bay» og «Vendla» har veksla på å kartlegge kysten mellom Hordaland og Lofoten.

Den internasjonale toktrapporten skal vere ferdig 23. august. Kvoteråda for makrell, norsk vårgytende sild og kolmule m. fl. blir offentleggjort 27. september.


Fiskebestandene vokser og nærmer seg 1970-nivå

De fleste fiskebestandene i Nordøst-Atlanteren har blitt gjenoppbygd på grunn av bedre fiskeriforvaltning, melder Havforskningsinstituttet.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fiskeri