På grunn av makrellkonflikten er det ingen fiskeriavtale med Færøyane. Dermed er torskekvoten som var avsett til byttehandel ledig. Departementet gir 2.200 tonn av denne fisken til autolineflåten.

– Dette er å sjå på som ein kompensasjon for at flåten er utestengt frå færøysk område, seier fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen.

Ekstrakvoten vert fordelt likt på dei 29 fartøya i autolineflåten. Dermed vert det om lag 75 tonn kvar – eller fisk for ein knapp million.

– Det skal mykje til for at vi refordeler fisk på denne måten, men denne flåten har fått trøkken når det gjeld konflikten med Færøyane, og dei tilhøyrer ein del av fiskeflåten som ikkje har den beste lønsemda, seier fiskeriministeren.

Les fiskerinyheiter på smp.no

Gjennomslag

Dette er andre gong på kort tid at autolineflåten har fått gjennom forslag som kunne blitt kontroversielle. Nyleg vart kvotetaket heva frå tre til fem kvotar, trass i at det i regjeringspartia er generell skepsis mot fleire strukturordningar.

– Linefiskarane er hardt arbeidande folk som argumenterer godt for seg, seier Lisbeth Berg-Hansen.

Ein av dei som har stått på barrikadane for lineflåten er skipperen på «Loran», Ståle Dyb.

– Dette var gledeleg nytt, seier Dyb, på telefonen frå Sklinnabanken, der «Loran» fiskar sei for tida.

Han meiner ekstratildelinga er på sin plass.

– Vi har ikkje fått fiska på Færøyane på fire år, og har tapt inntekter. Dette fisket har pågått sidan før krigen, og fleire av dei norske skipperane kjenner området betre enn færøyiske fiskarar, seier Ståle Dyb.

Han syns det er bra at alle båtar får like mykje – uavhengig av kor store kvotar dei har.

– Det er rettferdig sidan det er dei som har minst kvotar i norske område som har fiska mest ved Færøyane, seier Ståle Dyb.

– Dette er andre saka de har fått gjennom i Fiskeridepartementet siste året. Det verkar som de har taket på fiskeriministeren.

– Vi har halde på med passive reiskap i alle år, og vore passive lobbyistar. No er det slutt på det siste, seier Ståle Dyb, som takker både Fiskarlaget og Fiskebåt for støtta.

– Vi har slite i motbakke lenge, og treng slike gode nyheiter. Og vi er framleis den gruppa som gjer det dårlegast, seier han.

Fiskeridepartementet har også auka kvoten for dei minste kystbåtane i opa gruppe med 2.000 tonn, samt sett av ekstra torsk til bifangst i loddefisket.

Ekstrakvote. Lisbeth Berg-Hansen gir ekstra torsk for ein knapp million til kvar linebåt. Arkivfoto: Staale Wattø Foto: Staale Wattø