Torskefest med engelsk vri om bord i Ramoen

Kokk Ole Frode Bjørneset stod klar over rykande panner med fish and chips torsdag då ein stor delegasjon sjømatfolk var om bord i trafikktrålaren Ramoen på fiskerikaia på Vartdal.

Ole Geir Bjørneset lagar fish and chips for engelske kollegaer.

Ole Geir Bjørneset lagar fish and chips for engelske kollegaer.   Foto: KNUT ARNE AARSET

Fiskeri

Opplegget er ein del av ein kampanje for å markere dei historiske banda mellom norsk torsk og sjømat, og klassekokkar i Storbritannia.

Folk frå sjømatrådet og ei lang rekke bransjefolk er til stades for å smake på vartdalkokken sine lekkerbiskenar.

Grunnlov-stunt

- Er det sunn mat dette, Bjørneset?

- Ja, det er no sunne råvarer i alle fall, smiler fiskekokken etter i kort tenkepause.

Opplegget er ein del av eit stunt som fiskebåtreiarane og Sjømatrådet har for grunnlovsjubileet. Laurdag 17. mai skal det seljast 16 tonn torsk i Storbritannia for den sumbolske summen 99 pence for ein porsjon av den engelske nasjonalretten Fish and Chips.

Bærekraftig

Sjømatrådet voner dette skal skape merksemd om Norge og om bærekraftig norsk torsk.

Kampansjen skal og vere ei markering av dei historiske banda mellom Norge og Storbritannia. 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Fiskeri