Hovudtillitsvalt i Fellesforbundet ved Kleven, Therese Hjelmeseth, er letta over at leiinga kunne fortelje at dei hadde fått på plass meir pengar for å sikre verftet vidare.

– Eg trur det er veldig positivt at vi får pengar til å gjennomføre dei prosjekta vi har gåande. Det har vore mykje usikkerheit, spesielt dei siste månadene og eg håpar det vil roe seg no og at folk kan senke skuldrane, seier Hjelmeseth til Sunnmørsposten.

Slapp nyheita

Konsernsjef Karsten Sævik kunne fortelje at det Hurtigruten-eigde selskapet, KVE Holding, overtek Kleven verft AS i Ulsteinvik, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology AS. Sævik held fram som sjef i dette selskapet.

Dagens eigarar held fram som eigarar av resten av konsernet, mellom anna drifta av Myklebust-verftet.

Les meir: Hurtigruten overtek Kleven-verftet

– Folk er litt spente

Hjelmeseth fortel at dei ikkje har fått beskjed om at det er snakk om å kutte i talet på tilsette eller andre formar for omorganisering.

– Folk er litt spente på om det får noko å seie praktisk, men Karsten (Sævik, journ. anm.) har vore klar på at dette berre er positivt, fortel ho.

(saka held fram under)

Konsernsjefen fekk applaus frå dei tilsette på Kleven etter at han hadde fortalte nyheita, som gjer at verftet er sikra opptil 600 millionar kroner i friske pengar.

– Vi slepp den utfordringa som det er, når du har noko slikt som heng over deg heile tida, og du kanskje er redd for arbeidsplassen din, seier Hjelmeseth.

– Korleis har det vore snakka om dette mellom dei tilsette?

– Når ein held på med slike prosessar vi har heldt på med siste året, så må ein vere forsiktige med kva ein seier for ikkje å øydelegge. Samstundes endrar ting seg raskt og det som er rett i det eine augeblinken, er kanskje ikkje rett i det neste fordi det er forandring i planane, seier ho.

Første kvinnelege klubbleiar

Hjelmeseth er no fungerande klubbleiar etter at mangeårig leiar, Olav Høydalsvik, har trekt seg. Ho er dermed den første kvinnelege leiaren for fagforeininga ved verftet.

Ved Kleven verft er det i dag 300 som er direkte tilsett ved verftet. I tillegg kjem mellom 250 og 300 som jobbar der, men som er tilsette i selskapet Kleven Maritime Contracting. Dermed er det i underkant av 600 personar som har arbeidet sitt ved verftet.