El-ferjene er her, og utviklinga går fort. I mai vart det vurdert som lite realistisk av fylkesrådmannen å ha heilelektriske ferjer på Hareid - Sulesund og Magerholm - Sykkylven. Men no er det fullt mogleg å ha berre fem minutt ladetid, og dermed er el-ferjer høgaktuelle likevel.

– Fylkestinget ønskjer miljøvennleg teknologi, men spørsmålet er om vi har råd til elektriske ferjer. Og det veit vi ikkje før vi har fått svar på anboda som snart vert utlyste, seier Jon Aasen.

Mener dette er framtida: «Ampere» går over fjorden på batteri

Positiv: Fylkesordførar Jon Aasen (Ap). Arkiv

– Men du ønskjer el-ferjer?

– Absolutt.

– Sjølv om det vert dyrt?

– Vi må sjå på prisen, men all utvikling kostar pengar. Og ekstrakostnader i starten kan føre til at det løner seg på sikt.

Enova har gitt 88 millionar kroner i støtte, slik at det kan leggjast til rette for ladestasjonar og stabil straumforsyning i dei aktuelle sambanda.

– Dette betyr at Enova går god for prosjektet, og det er eit kvalitetsstempel, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Ny ferjekai

Også Bellona er positive.

Med el- ferjer må planane om ny ferjekai på Sulesund plukkast fram att. Og på Magerholm kan det bli ladestasjonar som også kan brukast til el-bussar.

Utflagging?

Dersom fylkeskommunen vel å satse på elektriske ferjer lovar fylkesordføraren å gjere sitt for at dei vert bygde i Norge. Til liks med verftsnæringa mislikar han at slike kontraktar har hamna i utlandet.

– Tyrkia får ikkje berre oppdraget, dei får også teknologien. Flaggar vi ut teknologi, flaggar vi også ut teknologiutviklinga.

– Kva kan politikarane gjere?

– Vi kan til dømes utvikle ein pilot, altså eit forsøksprosjekt. Då kan vi gjere det her i landet. Vi kan også leggje inn andre krav, til dømes om lærlingordning. Vi må leggje hovuda i blaut for å gjere mest mogleg ut av det her i landet, seier Jon Aasen.