Handelen i Rem-obligasjonar skaut fart etter at reiarlaget la fram kriseplan 27. juni.

Spørsmålet alle no stiller seg er: Kva hensikt har kjøparane? Måndag kjem truleg svaret under eit møte mellom obligasjonseigarane i Oslo.

Kan blokkere

I løpet av dei siste vekene har nokon betalt nær 100 millionar kroner for å sikre seg andelar i obligasjonsgjelda. Til saman har om lag ein tredel av obligasjonane i dei to låna skifta eigar, men i slike lån er det skjult kven som er kjøparen.

Om same kjøpar står bak millionhamstringa, er det nok til å blokkere fleirtalet Rem Offshore er avhengig av for å få gjennomslag for sin redningspakke.

Men motiva til kjøparane kan også vere å kome inn på eigarsida, ettersom kriseplanen inneber at obligasjonar gjerast om til Rem-aksjar som totalt vil utgjere 40 prosent av selskapet.

Kandidatar

Ingen bransjefolk Sunnmørsposten har snakka med vil seie det på trykk, men flest peiker mot Kjell Inge Røkke og Aker. Han har gått saman med Solstad med ein tydeleg intensjon om å delta i ei såkalla konsolidering av marknaden. Røkke og Åge Remøy har hatt eit godt forhold heilt sidan den då ukjende fiskaren kjøpte skrog av sunnmøringen på slutten av 1980-talet. Men at moldensaren har fått Remøy sin gamle fiende Solstad på laget, fell kanskje ikkje i god jord ute i Herøy.

I bakgrunnen lurar også Kristian Siem som har det amerikanske hegdefondet Elliot på laget. Broren til Åge, Stig Remøy, er etter det Sunnmørsposten kjenner til utelukka som kjøpar, og står midt i sin eigen kamp for å stake ut kursen vidare for Olympic.

Is i magen

Rem-direktør Arild Myrvoll verkar å ha is i magen, og vil ikkje spekulere i kven som kan stå bak oppkjøpa.

– Eg har ikkje så mykje å seie om dette, vi får sjå på måndag, er hans korte kommentar.

– Korleis er stemninga mellom dei tilsette?

– Nei, folk verker ta dette med fatning, legg han til.

Omstridde

Dei skjulte eigarane i slike obligasjonslån er omstridde. Finansdepartementet vil ha meir openheit, og får i desse dagar framlegg til ny lov på området.

Truleg er det ingen personar som vil dukke opp i lokala til Nordic Trustee rett ved Oslo rådhus i dag klokka 13, då møtet er sett opp. Til vanleg vil investorane gi si stemme på anna vis, enn å møte opp fysisk. Etterpå blir resultatet kjent gjennom ei børsmelding frå reiarlaget.

Nytt familieselskap

Nyleg fekk Åge Remøy godkjend-stempel frå Oslo børs til å omorganisere eigerskapet han og hans fire vaksne barn har i reiarlaget.

Hovudtrekket er at eit nytt selskap overtar Rem-aksjar frå selskapet Remy AS. Børsen meiner dette ikkje medfører eit skifte av eigarkontroll, og har gitt dispensasjon for tilbudsplikten for denne endringa.