Mange unge designarar deltok i konkurransen om å presentere den mest nyskapande sittereiskapen.

Juryleiar Knut Bang frå DOGA (Design Arkitektur Norge) fortalde at i tillegg til at produktet skal vere nyskapande, så var kriteria mellom anna funksjonalitet og ergonomi, brukarvennlegheit og slitestyrke, internasjonal appell, transportøkonomisk og eksportvennleg.

Student i Trondheim

Vinnar vart altså Nanna Wensaas, for stolen Air chair. Den unge bergensaren studerer ved NTNU i Trondheim. Prisen er ein sjekk på 50.000 kroner.

2. prisen på 25.000 kroner gjekk til J.P. Asco, Oslo – medan 10.000 kroner og 3. pris gjekk til Taran Neckelmann i Bergen.

Dei som kunne delta i konkurransen var studentar ved designutdanningane i Norge og unge designarar med opp til tre års virketid etter avslutta utdanning.

Høg kvalitet

Juryleiar Knut Bang fortalde om stor deltaking, dobbelt så mange som sist, og han la til at kvaliteten var høg og at det ikkje var lett for juryen å plukke ut vinnarane.

Rellingprisen er til minne om designar Ingmar Relling (1920–2002) frå Sykkylven, mest kjend for å ha designa Siesta-stolen.