Skipsdåpen av «Havila Capella» vart utsett på grunn av korona. Skipet skal no døypast 8. november utanfor Havila sitt hovudkontor på Mjølstadneset i Fosnavåg, opplyser Kystruten i ei pressemelding.

«Havila Castor» skal døypast i Ålesund 14. november.

Med ei batteripakke på 6,1 megawattimar har båtane verdas største batteripakke på eit passasjerskip i dag. I kombinasjon med flytande naturgass (LNG), blir CO₂- og NOX-utsleppa redusert betydeleg, opplyser reiarlaget.

Dette er dei to første av i alt fire skip i Havila Kystruten mellom Bergen og Kirkenes.

Les fleire næringslivssaker på smp.no: