Olje- og gasselskapa har utfordra den maritime industrien til å kome med tankar om korleis ein kan få ned kostnadene ved olje- og gassutvinning. På opningsdagen til offshoremessa Nor-Shipping i Lillestrøm, presenterte Ulstein Group konseptet X-Stern Extender.

– Eit relativt lite fartøy kan omdannast til eit fleksibelt subseafartøy ved hjelp av ein innfelt moonpool i akterskipet som kan køyrast ut ved behov. Dette gir auka sikkerheit ved subsea-arbeid, og skipa sin moderate storleik reduserer dei totale operasjonskostnadene og miljøpåverknadene, opplyser Ulstein Group.

Sjå animasjon over

Sjå også: Ulstein varslar nye idear og produkt

X-Stern, som byggjer på X-Bow, utvidar det operasjonelle vindauget og gir kapteinen eit val om å kunne sette akterenden, i staden for den høgare og større baugen, mot vind, bølgjer og straum når skipet skal vere på posisjon (DP).

Moonpool

– Vi har no utvikla X-Stern vidare, og gjort eit konseptstudium der vi har sett på ein X-Stern som kan køyrast ut frå resten av skroget. Dette gjer at skipet sine operasjonsområde aukar. Det skjer ikkje berre ved at skipet kan bruke akterenden mot vêret, men også ved å tilføre nye mulegheiter for å utføre arbeid ved at Extender-løysinga, når den er køyrt ut, også inneheld ein stor moonpool. Dette er viktig når det gjeld sikkerheit i subseaoperasjonar, opplyser Tore Ulstein i Ulstein Group.

– Sjølv for eit subseafartøy som til vanleg har ein moonpool midt i skipet, vil ein få frigitt verdifullt og sentralt plassert dekksareal og skrogvolum ved at moonpoolen heller er plassert akterut, heiter det i pressemeldinga.

Sunnmørsposten kjem med meir frå Nor-Shipping denne veka

Det blir også kåra ein vinnar i klassen «Neste generasjons skip». Her er både X-Stern frå Ulstein og Vindskip fra Lade nominert. Kandidat til Nyskaparprisen er Uptime International AS frå Ålesund med sin gangveg for offshore-fartøy. (Smp+)

Ulstein X-Stern Extender. Foto: Ulstein