Men før Statens vegvesen kan starte opp med dette arbeidet må dei få opparbeidd eit riggområde for dette prosjektet, eit arbeid dei no har lagt ut på anbod, melder Veier24.

Vegvesenet har nemleg kjøpt ei tomt på eit ferdig regulert område i Holmøyane, nokre kilometer lenger aust.

Åtte punkt

Planen er å sikre åtte punkt langs E39 på Skredestranda. Det skal mellom anna gjerast ved å byggje rasvollar, slik at skreda blir fanga bak vollen og ført under E39 i kulvert.

Men no er det altså først riggområdet som må opparbeidast. På denne tomta er det fjell. Entreprenøren som får oppdraget skal reinske berget, sprengje og bruke massane til å fylle på tomta.

Natursteinsmur

I vestre del av arealet skal det opp ein om lag fem meter høg natursteinsmur.

Entreprenøren skal også stå for slikt asfaltering, grøfter, veglys, gjerde og oljeavskiljar.

Startdato er sett til 1. juni, og riggområdet skal vere ferdig 18. oktober. Tilbodsfristen er 11. mai, melder Veier24.