– Eg er glad i å vere leiar og likar å utfordre meg sjølv, seier Helene Alexandra Heggdal til Fjordenes Tidende.

Hotellet, som ligg i Gate 1 i Måløy, har 54 rom. Det er ti tilsette ved hotellet, og dei har nok å gjere. Sidan nyttår har det vore ganske fullt kvar veke.

Godt belegg i vekedagane

Heggdal fortel at hotellet har flest arbeidarar og konferanse- og møtedeltakarar som overnattingsgjestar. Det betyr at dei, i motsetnad til storbyhotella, ofte har fullt belegg på kvardagane, men meir ledig i helgene.

Den nye hotelldirektøren legg til at ettersom dette ikkje er noko stort hotell, tek ho sjølv eit tak der det trengst:

Hjelper til på kjøkenet

– Når det er store arrangement som konferansar, så bidreg eg på kjøkenet og med serveringa. Eg tek også vakter i resepsjonen i tillegg til leiaroppgåvene, seier Heggdal til avisa.

Ho har tidlegare mellom anna arbeidd ved Nordfjord Hotell, i Jysk og i Kontorpunkt.