Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Sjøbua Restauranthus AS i Brunholmgata i Ålesund.

Det går fram at kunngjeringane i Brønnøysundregistra måndag.

Her går det også fram at konkursen er opna etter oppbod, altså at det er styret sjølv som har gått til tingretten.

Eigenkapitalen var tapt

Advokat Christian Garmann er oppnemnd til bustyrar etter konkursen.

– Selskapet såg at dei ikkje ville klare å betale rekningane sine framover. Spesielt ei momsrekning ville bli vanskeleg, seier Garmann til Sunnmørsposten.

Restauranten hadde åtte fast tilsette. I tillegg kjem fleire ekstrahjelper. Alle blir no sagt opp, og ifølgje Garmann ligg det så langt ikkje an til ny drift i lokala.

Advokat Christian Garmann er bustyrar for konkursbuet. Foto: Tarjei Engeset Ofstad (Arkiv)

Selskapet har oppgitt at den totale gjelda deira er på 590.000 kroner. Av dette er 200.000 kroner til holdingselskapet.

– Det er jo ikkje så stor gjeld?

– Nei, men eigenkapitalen var tapt. Og då skal ein ha ei god forklaring viss ein skal drive vidare. Elles vil ein jo påføre kreditorane ytterlegare tap, seier Garmann og legg til at når ein då ikkje ser ei lysning på kort sikt så skal ein krevje oppbod.

Konkurs i 2020

Sjøbua Restauranthus AS starta opp i 2020 etter ein konkurs same året.

Selskapet hadde 8,3 millionar kroner i inntekt og fekk eit underskot på 250.000 kroner i 2021, ifølgje opplysningar på bizweb.no.

Sunnmørsposten har vore i kontakt med dagleg leiar Hege Breivik Farstad, men ho viser til bustyrar for kommentar i saka.