Fleire kjelder opplyser til Sunnmørsposten at det har gått føre seg intense forhandlingar om å tilføre Kleven meir pengar den siste tida. Etter det Sunnmørsposten kjenner til, er partane svært nær ein avtale.

– Det er rett at Kleven er i ein ny prosess med restrukturering. Detaljane er enno ikkje på plass, så det må vi kome tilbake til seinare, er alt styreleiar Leif Teksum vil seie om saka no.

Kassa nærast tom

Kassa i verftskonsernet skal på det næraste vere tom etter at selskapet i fjor fekk tilført ny kapital.

Etter det Sunnmørsposten kjenner til, har arbeidet med å hente inn meir pengar gått føre seg i minst ein månad. DnB, Sparebank 1 SMN og Nordea, skal vere involvert saman med Garantiinstituttet for eksportkreditt og dei største eigarane.

Spørsmålet er kven som vil gå inn for å halde Kleven flytande – og på kva måte det skal gjerast.

(saka fortsetter under)

300 mill. i fjor

Konsernet med verft i Ulsteinvik og Gursken i Sande fekk i fjor tilført 300 millionar kroner etter å ha vore på randa av konkurs. Det gjorde Herøy-reiar Åge Remøy til største enkeltaksjonær med ein eigardel på knappe 20 prosent.

– Vi har ingen planar om å auke vår eksponering i Kleven, seier Remøy til Sunnmørsposten og viser til Kleven-leiinga for alle andre spørsmål.

Også Kjersti Kleven, som var styreleiar den siste tida Kleven var eit familieeigd verftskonsern, er ordknapp og viser til selskapsleiinga. Ho vil ikkje svare på om Kleven-familien vil gå inn med meir pengar.

Yacht-jobb kansellert

Samstundes er det klart at yacht-avtalen som Kleven sikra seg saman med sin tyske samarbeidspartnar Lürssen, har gått i vasken og at oppdraget er kansellert.

Karsten Sævik som knapt har rekt å sette seg til rette i konsernsjefstolen, stadfestar det til Sunnmørsposten – og påpeiker at Kleven bestrider grunnlaget for kanselleringa.

Yachten skulle byggjast for ein ukjent kunde og ifølgje Kleven er det ikkje kunden som ville droppe prosjektet.

Stordalen inn

Det var i fjor vår rykta begynte å gå om at kassa på Kleven var botnskrapt. I september gjekk Hurtigruten-eigarane, med mellom anna Petter Stordalen, inn i konsernet.

Til samen eig Hurtigruten-grupperinga nær 40 prosent av aksjane. Kleven-familien og deira «allierte» sat igjen med ein eigardel på dryge 16 prosent.

Kleven har møtt fleire tøffe utfordringar det siste året. Maersk bad i fjor om utsett levering av fire supplyskip, noko som førte til at Kleven måtte permittere arbeidarar.

I februar vart det kjent at det første av ekspedisjonsskipa til Hurtigruten vart forsinka – og no ligg verftet også etter skjema med skip nummer to.