Torskemarknaden var tema for ein sjømatkonferanse som trakk fullt hus i Ålesund tysdag. Interessa for konferansen avspeglar optimismen i kvitfisksektoren. Forbrukarane har fått opp augene opp for torsk, ikkje minst i heimemarknaden.

Optmist - Det har vore ein revolusjon innan distribusjon av fisk, seier Thomas Farstad i Lerøy.

Han har vore konsernsjef i Norway Seafoods, som no er ein del av Lerøy. Etter oppkjøpet er Lerøy ein dominerande aktør innan produksjon og sal av fisk i Norge - både laks og kvitfisk.

– Lerøy kjem til å satse meir på bearbeiding av fisk her i landet, og konsernet vil investere i topp moderne anlegg, sa Farstad på konferansen.

Lære av laks

Farstad har erfaring frå laksebransjen, som kvitfisknæringa vil lære av for å auke verdiskapinga. Nøkkelen ligg i å produsere det forbrukarane vil ha.

Og det er i ferd med å skje.

– Det har vore ein revolusjon innan distribusjon av fersk sjømat dei siste åra. Fryst råstoff er viktig for denne marknadsutviklinga, og ferske løysingar basert på frose råstoff vil auke betydeleg, seier Farstad.

Tint er fersk

Ei viktig forklaring på suksessen er definisjonen av kva som er fersk fisk. Fisken som vert boden fram i ulike porsjonspakningar i butikkane er frosen om bord i båtane, så tint opp, porsjonspakka og selt i det som før heitte ferskvarediskar.

– Nokre meiner dette ikkje er fersk fisk, og strengt tatt har dei rett i det. Men i praksis betyr det ikkje noko, så lenge forbrukarane aksepterer tint vare, og opplever at fisken har topp kvalitet. For forbrukarane er det viktig at dei kan ta det med heim og bruke det med ein gong. Ingen spiser frosen fisk, seier Thomas Farstad.

– Men er det ikkje å lure forbrukarane?

– Fisken er merka refreshed (tint), og så lenge forbrukarane si oppleving er at fisken er like god som fersk fisk, så vert det akseptert.

Trosser dårleg vêr: Sildefisket er i gang

Med auka aksept for frosne råvarer ser det ut til at kvitfiskbransjen er i ferd med å løyse ei av dei store utfordringane, nemleg å syte for stabil tilgang av fisk til marknadane heile året, ikkje berre i sesongane.

– No må det jobbast meir med å betre distribusjonen mot forbrukarane. Vi har kome langt i Norge, men kan gjere mykje meir i utlandet, seier Thomas Farstad.

Konferanse Det var fullt hus då Norges Sjømatråd, Nordea og Fiskebåt arrangerte konferansen «Ombyrdfryst 2017» i Ålesund tysdag.

Torsken sin status er på veg opp

At frosen fisk har fått auka status vart stadfesta av den einaste politikaren som heldt foredrag på konferansen i Ålesund, statssekretær Roy Angelvik i Fiskeridepartementet. I mange år har det vore ei uttalt politisk målsetjing å satse på landing av fersk fisk. No er dette i ferd med å endre seg.

– Gitt dagens situasjon er det vanskeleg å hevde at fersk torsk er meir verdifull enn fryst torsk, sa statssekretæren.

Og han utfordra myten om at havfiskeflåten konkurrerer med landindustrien om råstoff.

– Eg vil våge å påstå at det ikkje lenger er ombordproduksjon som er den største konkurrenten til den landbaserte industrien, men snarare den utanlandske foredlingsindustrien som baserer sitt råstoff-behov på norsk fisk, også i betydeleg grad fersk fisk, sa statssekretær Roy Angelvik.

Her kan du lese meir om lokalt næringsliv.