Korleis kan vi auke verdien av sild og makrell i den norske marknaden? Kva skal til for å få makrellen på middagsbordet her i Norge, kanskje på linje med laks?

Deltakarane på Sett Sjøbein sin marine student-bootcamp 2017, her i Fosnavåg. Foto: Sett Sjøbein

Dette har 19 studentar frå heile landet konkurrert om denne veka. Konkurransen har gått av stabelen i Fosnavåg, Ålesund og Giske, i regi av Sett Sjøbein.

Vinnarideen, «Saba Yaki», er vakuumpakka makrell med ulike smakar, inspirert av det japanske kjøkken. I Japan er makrellen langt meir populær som middagsmat enn i Norge. Saba Yaki er også japansk og betyr grilla makrell.

– Dette er både moderne og innbydande. Produkta har potensial til å auke konsumet. Og forretningsideen er realistisk og gjennomførbar, meiner juryen.

Vinnaren vart annonsert framfor nær 250 næringsaktørar på konferansen Pelagisk Arena i Ålesund torsdag.

Vinnarteamet består av:Aslak Leinebø Seljås frå Askim, student på NMBU på Ås (og halvt herøyværing),Caroline Sørensen frå Vestvågøy, student på Universitetet i Tromsø,Karoline Waage Skår frå Austevoll, student på Høgskolen på Vestlandet,Lars Gellein Halvorsen frå Holmestrand, student på NTNU i Trondheim.

Marin student-bootcamp Villfisk 2017 er ein av to bootcampar i 2017 som er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet. Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) ved Sett Sjøbein står for organiseringa.