– Vi skal utvide vår eigen stab ganske betrakteleg og har allereie tilsette fleire nye, seier administrerande direktør Kristian Sætre ved Ulstein verft.

Minst 50 nye tilsette

Verftsdirektøren kan ikkje talfeste det nøyaktig, men seier det er snakk om minst 50 nye tilsette og truleg fleire. I tillegg kjem jobb til andre delar av Ulstein Group og ein del underleverandørar.

– No i første omgang har vi gått aktivt ut etter ingeniørar, men vi treng folk i dei fleste kategoriar. Interessa har vore god, både frå tidlegare tilsette og nye. Nokre har til dømes budd andre plassar ei stund og kjem no tilbake, seier Sætre.

Framleis permitteringar

Før dei siste tilsettingane var det kring 260 tilsette ved verftet. Då offshoremarknaden gjekk på høggir hadde verftet fleire enn 400 tilsette, men Sætre seier dei ikkje ventar å kome tilbake på det nivået.

Fleire av dei tilsette ved verftet no er permittert og at fleire vil bli det ettersom det vert mindre arbeid med luksusyachten som snart skal ut av dokka og leverast.

– Etter sommaren vil vi starte å førebu arbeidet som skal gjerast når det kjem fleire skrog frå årsskiftet, seier Sætre.

(saka held fram under)

Tre skrog på veg

Frå starten av neste år kjem tre skrog på rekke og rad, først kjem hybridferja Color Hybrid, deretter cruiseskipet til Lindblad og deretter eit nytt vindskip til Acta. Då vil det gå slag i slag før skroget på det nye kabelskipet kjem våren 2020. Det gjer at Ulstein i stor grad har fylt opp kapasiteten dei neste tre åra.

– På eit tidspunkt treng vi noko meir jobb innimellom, men vi kan ikkje ta på oss fleire store prosjekt. Det er flott at dei no kan sleppe å uroe seg for korleis det går med arbeidsplassen, legg Sætre til.

Han påpeiker at «offshorekneika» ikkje er over, men meiner det er grunn til å sjå lysare på framtida.

– Eg meiner det er grunn til optimisme og det var god stemning mellom dei tilsette i dag då den nye kontrakten vart annonsert, seier Sætre.

Rekordstort kabelskip

Kabelskipet til Nexans vert om lag 150 meter langt og 31 meter breitt – noko som er blant dei største skipa som er bygd ved verftet nokon gong. Skipet vert også eitt av dei største av sitt slag i verda.

Skipet skulle eigentleg byggjast ved det kroatiske verftet Uljanik, men økonomiske problem sette ein stoppar for det. Ulstein var også med i konkurransen om å bygge skipet for drygt to år sidan, men nådde ikkje heilt opp.

– Heldigvis for oss endra situasjonen seg, og vi kunne kome på bana igjen. Vi var gira på den kontrakten, ikkje minst slik situasjonen var i marknaden, seier salssjef Rolf Petter Almli og legg til at dei satsar på at det vert mykje norsk utstyr om bord.

(saka held fram under)

Ålesund-design

Kabelskipet er designa av Ålesund-selskapet Skipsteknisk og det er første gong eit av deira skip vert bygd ved Ulstein.

– Vi forstår kvarandre og har same kultur. Eg ser positivt på å skulle samarbeide med dei, seier Almli.

Skroget til kabelskipet, vert bygd ved Crist-verftet i Polen og skroget kjem til Ulsteinvik våren 2020 for utrusting. Skipet skal leverast ved midten av 2021.