Yachten Ulysses som blei bygd ved Kleven verft i Ulstein, er no lagt ut for sal.

Den 107 meter lange ekspedisjonsyachten til den milliardæren Graeme Hart er lagt ut på nettstaden Fraseryachts.com. På annonsen får offentlegheita for første gong ta ein kikk inn i det heilt spesielle fartøyet.

Her reiser superyachten frå verftet

Meklar Stuart Larsen opplyser til smp.no at han ikkje har løyve til å la media bruke bilda, men du kan sjå dei ved å følgje lenka under.

For sal Skjermdump frå nettsida til meklaren som sel Ulysses.

Luksuriøs og velutstyrt

Det er tidlegare kjent at yachten som er utstyrt for 60 personar, har ein mannskapsdel som på eit offshore-skip og ein passasjerdel.

Bilda viser alt frå den luksuriøs innreiinga med «vinkjellar» og flotte bad, til  «utstyrsgarasjen» med fleire jeepar og nokre motorsyklar og vasskuterar.

Skipperen kan styre yachten frå ein såkalla «unified bridge» levert frå Rolls-Royce Marine, truleg den eineste i privat eige. I tillegg får vi ein titt ned i maskinrommet.

Her kan du sjå yachten frå innsida (ekstern lenke)

Prisspekulasjonar

Det er ikkje sett noko pris på fartøyet, og byggekostnaden er heller ikkje vorte kjend. Men det har vore opplyst at den ligg i farvatnet som eit mellomstor plattform supplyskip - med andre ord 300 til 400 millionar kroner.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no