Velferdsstaten er dyr og vi vert stadig fleire eldre. Skal vi halde oppe dagens velferdsnivå, er vi avhengige av at dei som kan arbeide faktisk gjer det.

Torill Fure (58) har søkt på anslagsvis 240 jobbar dei siste åtte åra. Ho har berre vorte kalla inn til fire intervju, fortel ho.

Frå venstre: Jobbsøkar Torill Fure, programleiar Tarjei Engeset Ofstad og mentor og hodejeger Trine Elise Rødal Foto: Nils-Harald Ånstad

Er det for vanskeleg for dei på over 50 å få seg ny jobb og kvifor er det i så fall slik? Kva kan samfunnet vinne på å utnytte seniorane sitt potensial betre?

Det spør vi om i denne videoepisoden av Mar.

Hodejeger og mentor Trine Elise Rødal lever av å få folk ut i jobb. Ho brenn særleg for dei godt vaksne arbeidstakarane.

– I Norge treng vi alle mann på dekk for å klare å bemanne samfunnet vårt i åra framover.

Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein e-post til tarjei@smp.no.