Det melder Nett.no. Etter det næringslivsavisa kjenner til har det vore fleire møter mellom banken og leiingane i dei tre reiarlaget med hovudkontor i Herøy.

Ordknappe

Ingen av dei vil fortelje om innhaldet på møta, men stadfestar at dei har funne stad.

Styreleiar Per Sævik i Havila Shipping stadfestar at struktur har vore tema på møta, og styreleiar Åge Remøy i Rem Shipping meiner det er naturleg at banken pressar på i denne retninga.

Olympic-direktør Stig Remøy er skeptisk til ei slik løysing: – Flåtesamansetninga i selskapa er viktigare for ei strukturering enn den geografiske plasseringa, seier han til nettstaden.

Les også: Slik blir sunnmørs-rederier vurdertKan gå tomme for penger i løpet av året

Kommentar: Rakner det for Sunnmøre?

Skal vere interesse

Etter det Nett.no kjenner til er det «frå fleire hald interesse for å diskutere strukturelle grep».

Men reiarlaga skal ønskje å først komme i hamn med gjeldsforhandlingar og eventuelt gjere endringa i eigne selskap - før ein går for større løysingar.

Reiarlaga har til saman 70 offshoreskip og hardt råka av oljenedturen. Alle dei tre selskapa er i gjeldsforhandlinger. Gjelda i dei tre Herøy-selskapa er på meir enn 15 milliardar kroner.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no