Kommunen inviterer til informasjonsmøte torsdag klokka 14.00 på Ishavsmuseet i Hareid-bygda.

– På møtet vil ein informere om planar og konsekvensar ved ei eventuell etablering av akvakulturanlegg i Brandal i regi av SalMar Organic AS. Møtet er ope for alle, står det på kommunen sine heimesider.

Følgsmp.no på Facebook

– Midt i arbeidstida

Finn Sindre Eliassen er ein av dei som har engasjert seg mot planane om å etablere lakseanlegg. Han reagerer på tidspunktet for møtet.

– For det første er det kort varsel. Og for det andre er møtet midt i arbeidstida. Det er underleg at ein vel å arrangere folkemøte når folk ikkje kan stille, seier Eliassen.

Han meiner at «praktisk tala alle» på Brandal er imot at det skal kome eit stort oppdrettsanlegg i sjøen utanfor Brandal.

– Anlegget vil leggje beslag på to kilometer av ein fjord som er 4,9 kilometer lang. Det er eit enormt anlegg, seier han.

Lesflere næringslivsnyheter på smp.no

Dispensasjon

SalMar har søkt om å få bruke ein lokalitet ved Brandal. Men det trengst dispensasjon frå kommuneplanen, og det er det saka handlar om i første omgang.

I Hareid kommune var det ingen som måndag kunne kommentere tidspunktet for informasjonsmøtet.

Lesfleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no