Møreforsking har dei siste to åra undersøkt om lakefrysing kan vere ein alternativ frysemetode for kvitfisk. Dei opplyser om prosjektet og resultata på eigne nettsider.

Metoden dei har prøvd ut er innfrysing av kvitfisk i underkjølt saltlake. Dei har brukt torsk, hyse og sei i utprøvingane.

Norsk sjømatnæring eksporterte torsk, sei og hyse for over 13,9 milliardar kroner i 2021.

Tradisjonelt har lakefrysing vore lite brukt i norsk sjømatindustri. For å legge til rette for ein meir heilårig drift, ønskjer industrien mogelegheit til å kunne tilarbeide meir fisk, gjennom større deler av året. Då trengst jamnare tilgang på råstoff. For å oppnå det, kan fisken frysast inn i den korte fangstsesongen, og deretter tinast og vidareforedlast gjennom resten av året.

Teknotherm Marine er ein av næringsaktørane som har deltatt i forskingsprosjektet.

– Det er med stor interesse vi nå får bekrefta at lakefryse-metoden gir oppløftande resultat både for energiforbruk, kvalitet og utbytte ved flekking og filetering, seier Petter Kåre Grytten frå Teknotherm Marine nyheitsmeldinga.

– Forskingssamarbeidet har vist oss at vi kan vidareutvikle enno meir effektive frysesystem saman med kundane og leverandørane våre, held han fram.

Møreforsking konkluderer slik om lakefrysing:

  • Mindre energiforbruk ved innfrysing

  • Økt filetutbytte

  • Betre tekstur, mindre spalting og meir saftighet i fiskekjøttet etter tining

  • Redusert kimtall (økt holdbarhet) etter tining

  • Gulfarge i nakke og buk der fisken har vore i kontakt med laken. Dette gjør råstoffet eigna til klippfiskproduksjon mot det portugisiske marknaden, der gulfarge kan vere et kvalitetsstempel. Til Italia vil denne gulfargen derimot kunne redusere prisen.