I denne episoden deltar Botholf Stolt-Nielsen frå lakseeksportøren Ocean Supreme som hadde driftsinntekter på nesten 1,5 milliardar kroner i 2020. Han var sjølv i Kina akkurat då Nobels fredspris i 2010 forarga Kina som svarte med å sette Norge i fryseboksen. I dag er Kina meir ope, men Russland heilt stengt.

Også sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness frå Nordea er med i episoden. Han er trygg på at Norge vil fortsette å smadre eksportrekordar frå sjømat framover. Her får du høyre kvifor.

Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast og vert laga av Tarjei Engeset Ofstad. Ikkje nøl med send ris eller ros til tarjei@smp.no. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.

Mar kan også høyrast som podkast: