Eldor Skeide tar over etter Hege Karete Hamre, som søkte nye utfordringar etter å ha vore i selskapet i 20 år.

Skeide har vore i Furene sidan 2010. Før det  har han 25 år bak seg som dagleg leiar og administrerande direktør i organisasjonar på Sunnmøre, mellom anna Hødd, Sunnmørshallen og Bohus Møre.

Sidan 2010 har han vore leiar for prosjekt og utvikling i Furene og ein del av den sentrale leiargruppa.

– Eg ser fram til å vere ein tydeleg ambassadør for Furene sitt samfunnsoppdrag, og saman med dyktige medarbeidarar, utvikle Furene vidare som ein profesjonell aktør i levering av tenester og produkt til kundar og lokalbefolkninga på Søre Sunnmøre, seier Eldor Skeide i ei pressemelding.

Furene AS er ei arbeids- og inkluderingsverksemd med hovudkontor i Furene i Volda, og med avdelingar i Ørsta, Ulstein, Herøy og Vanylven. I 2016 fekk over 100 personar løna arbeid gjennom tiltak Furene AS leverer på oppdrag frå NAV.