Det melder selskapet i ei børsmelding tysdag ettermiddag.

Olympic Ship hadde i dei tre første kvartala driftsinntekter på 832 millionar kroner.

Resultatet etter skatt enda på minus 1,172 milliardar kroner. I fjor på same tid stod det pluss 42 millionar kroner på botnlinja.

Mykje av tapet kom i tredje kvartal. Her er resultatet etter skatt minus 593 millionar kroner, opplyser selskapet.

Tysdag gjorde selskapet kjend at standstill-avtalen med kreditorane er utvida til onsdag 30. november.