– Avtalen har ein verdi på opptil 35 millionar kroner fordelt på seks år, inklusiv alle opsjonar, seier dagleg leiar Hans-Christian Haugen i Ålesund-selskapet.

Avtalen gjeld for opptil seks år - det betyr at den er bindande først for to år, deretter for eitt og eitt år.

– Vi skal utføre alt kommunalteknisk vedlikehald for desse kommunane. Det inneber spyling, rørinspeksjon, tømming av sandfang, pumpestasjonar, olje- og feittutskillarar med meir. Det vil seie alt førebyggande arbeid og alle akuttoppdrag på vatn og avløp, seier Haugen.

For Ålesund kommune sin del vil også Bingsa, Ålesund brannvesen og Havnevesenet vere en del av kundegruppa.