Brødrene Aa i Hyen har signert kontrakt på bygging av tre nye hurtigbåtar med Boreal Transport Nord, melder Firdatidend.no.

– Brødrene Aa har levert to nybygg til Boreal Transport i haust, så reiarlaget har allereie erfaring med våre farty. Båtane skal trafikkere rutene Ålesund-Hareid, Molde-Vestenes og Ålesund-Langevåg. To av fartya tar 147 passasjerar, den største tar 199 passasjerar. Vi skal levere to av dei nye fartya hausten 2016, og det tredje skal leverast i mars 2017, opplyser Tor Øyvin Aa til avisa.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Fleire nye kontraktar betyr at båtbyggjeriet i Nordfjord må tilsette 15-20 fleire folk. I dag har 130 tilsette arbeidet sitt ved Brødrene Aa.

foto
Ny drivar Norled har mista drifta av alle hurtigbåtrutene i Møre og Romsdal. Dei fire rutene som skal driftas av Boreal Transport Nord, er merka på kartet. Kart: Google Maps/Norled